Hausten 2011 vart det oppretta ei arbeidsgruppe med medlemar frå Ålesund, Norangsfjorden og Sykkylven.
Målet med denne arbeidsgruppa har vore å få fokus på dette
vegprosjektet. Det vart teke kontakt med 3 konsulentfirma og av desse vart Norplan valgt.
 
2.desember 2011 hadde gruppa eit møte med Norplan der det vart drøfta å utarbeide eit Forprosjekt for strekninga Brunstad - Kalvatn.
 
I desember fekk vi tilbodet frå Norplan.
 
I midten av januar 2012 hadde så gruppa eit samrådingsmøte med ”Storfjordsambandet” og på dette møtet vart det sett fram eit ynskje om at "Storfjordsambandet" tok kostnaden med dette Forprosjektet og innlemma dette i det arbeidet som dei har med bru over Storfjorden. "Storfjordsambandet" syntest det var ein god ide og sa seg villig til å dekke kostnadane.På dette møtet fekk arbeidsgruppa ros for det arbeidet som var gjort.

Dette vegprosjektet er no utvida til å gjelde frå Digernesskiftet, bru over Storfjorden, tunnel frå Brunstad til Øye, tunnel til Viddal og veg vidare til Kalvatn. Altså eit godt alternativ til framtidig E39.
 
Konsulenten vil så snart som råd sette i gong å utarbeide Forprosjektet.
 
Vegprosjektet (Velledalen – Kvivsvegen) vil så bli presentert for Vegmyndigheitene i Molde.
 
Arbeidsgruppa vil no finne ei ny plattform å arbeide
vidare med ideen, men då saman med ”Storfjordsambandet”.