Hausten 2011 vart det oppretta ei arbeidsgruppe med medlemar frå Ålesund, Norangsfjorden og Sykkylven.
Målet med denne arbeidsgruppa har vore å få fokus på dette
vegprosjektet. Det vart teke kontakt med 3 konsulentfirma og av desse vart Norplan valgt.
2.desember 2011 hadde gruppa eit møte med Norplan der det vart drøfta å utarbeide eit Forprosjekt for strekninga Brunstad - Kalvatn.
I desember fekk vi tilbodet frå Norplan.
I midten av januar 2012 hadde så gruppa eit samrådingsmøte med ”Storfjordsambandet” og på dette møtet vart det sett fram eit ynskje om at "Storfjordsambandet" tok kostnaden med dette Forprosjektet og innlemma dette i det arbeidet som dei har med bru over Storfjorden. "Storfjordsambandet" syntest det var ein god ide og sa seg villig til å dekke kostnadane.På dette møtet fekk arbeidsgruppa ros for det arbeidet som var gjort.
Dette vegprosjektet er no utvida til å gjelde frå Digernesskiftet, bru over Storfjorden, tunnel frå Brunstad til Øye, tunnel til Viddal og veg vidare til Kalvatn. Altså eit godt alternativ til framtidig E39.
Konsulenten vil så snart som råd sette i gong å utarbeide Forprosjektet.
Vegprosjektet (Velledalen – Kvivsvegen) vil så bli presentert for Vegmyndigheitene i Molde.
Arbeidsgruppa vil no finne ei ny plattform å arbeide
vidare med ideen, men då saman med ”Storfjordsambandet”.
Siste nytt om vegen Velledalen - Øye - Kvivsvegen
Sidan mai 2010 har ei gruppe med utgangspunkt i ei side på Facebook vore i arbeid med dette vegprosjektet. Etter at Kvivsvegen har vorte ein realitet, har gruppa sett fordelen ved å forlenge dette vegprosjektet frå Øye til Kalvatn, slik at ein får ein vegforbindelse til Grodås og dermed tilknytting til E39...
Lagt inn av
Svein J. Urke
20.01.2012 18:50
20.01.2012 18:50
Kommentarar
1. Det må gjentakast og gjentakast at ny E39 skal vere eit kort nord-sør samband for fylka vest for Langfjella. Alle ordførarane på Vestlandet kan ikkje få viljen sin.
2. Vegvala nord og sør for Sunnmøre vil bli ein nøkkel for løysinga også på Sunnmøre.
2. E39 må leggast aust for Ålesund! Brusdalen toler ikkje noverande trafikk pga. Brusdalsvatnet som er vasskjelde til svært mange.
Ha-fast og Fe-fast blir losa gjennom Spjelkavikområdet som ikkje egnar seg til tungtrafikk. E-39 krev ei sanering av hundre(?) bustadar og mange institusjonar om ein vel denne løysinga.
3. Ha-fast legg opp til at ein kjøpe seg støtte for prosjektet med eigenkapital frå Ulsteinområdet. Dette grensar til bestikkelse (kalla "motytelse")som takk for støtte og tilsvarar det som før vart kalla GRAUTSVINGAR, jfr. lesarinlegg av Jarle Hole, Smp.12.12.
4. E39 skal IKKJE vere veg til arbeid, barnehage,butikk mm. slik dagleg leiar i Ha-fast, Kjell Sandli meiner.
Lukke til!
Kvar vert det av talsmannen(-kvinna) for dei som først og fremst skal bruke E39?
Det må seiast frå om at ein framtidsretta E39 ikkje er god nok om ein skal flikke på dei gamle "bygdevegane". Ein stamveg skal vere kortast råd mellom A og B og MÅ ha kvileparkering (rasteplassar)for transportørane med 6 mils mellomrom.
Eg etterlyser lastebilnæringa sine synspunkt!
Ein langtransportør har ringt meg om fortalt om den nye motorvegen som går frå inst i Biskayabukta (San Sebastian) og vestover til La Coruna/Vigo. Slik bygg Spania ny veg 600 km og denne er langt på veg finansiert av midlar frå Noreg (ikkje lån - EØS-bidrag)! Følg vegen sjølv på Google og få eit inntrykk av kvaliteten på vegen til utkantdistrikta i Spania. Vi ville vere glade om vi hadde noko som likna den gamle vegen på denne strekninga.
Motorvegen er ny og har fire felt og går over elvar(bruer) og gjennom fjell-landskap (tunellar) som minner om Vestlandet.
Kjellbjørn Tusvik
Eg har den tillit til Vegmyndigheitene at dei ser at den kortaste veg mellom to punkt er den rette linja.
Matevegar: 1.Frå Ulstein -Herøy over Eiksundsambandet mot Kvivsvegen
2. Frå Ålesund mot Glomset
3. Frå Stranda tunnel frå Svemorka m / tilknytning vegen Velledalen -Øye. (Kun 300meter tunnel.)
Andre fordelar:
4.Trafikk frå HAFAST og FEFAST må gå over Sulalandet - Moa/ Blindheimsområdet. Store besparelsar og mindre trafikk i desse områda.
5.Mindre trafikk forbi Ålesunds drikkevasskjelde Brusdalsvatnet.HAFAST og FEFAST trafikken vil måtte gå her.
E39 skal ikkje byggast gjennom midtaksen og kortaste vegen for å tilfredsstille snevre eigeninteresser. Eg ville heller oppfordre til å dempe argumentasjon om lokale fordelar for dei veglause bygdene som kan bli resultat av E39 etter Sykkylvsfjordprosjektet sin plan -vi veit forresten ikkje kva det endar på.
E39 skal vere STAMVEG for landsdelen som ligg vest for Langfjella.
At bygdene på austsida av Hjørundfjorden kan få vegsamband gjennom dette prosjektet, må i beste fall kallast ein bonus. Det er heilt sikkert nokon som vil finne negative sider ved å få ein stamveg gjennom området. Vi må lite på at Vegdirektoratet vil lytte på dei argumenta som vert brukte for å bygge under det formålet som E39 skal ha. Om ikkje, vert det berre Grautsvingar.
Dessutan skal eg love at dei mest skriveføre på portalen som bur på vestsida av fjorden ikkje er begeistra for Sykkylvsfjordprosjektet. Det forklarer det meste av tausheita på portalen, Svein J. Urke!
Tilknytninga for Norangsfjorden er ein bonus, men viktig bonus slik eg ser det.
Denne vegen vert bygt ut frå dei beste tekniske, økonomiske og miljømessige forhold og ikkje der han peikar han som ropar høgast.
Det kunne likevel vere hyggeleg med signal frå Hjørundfjorden.
Per Urke skriv at vi som bur på vestsida av Hjørundfjorden ikkje er begeistra for Sykkylvsfjordprosjektet. Ja, han til og med lovar det. Kvar har han slikt vås ifrå? Eller er det slik at han meiner at bur ein på ein bestemt plass, eller er av ei bestemt slekt, ja, så har ein også ei bestemt meining? Nei, slike påstandar som Per Urke kjem med er så ukloke at det mest ikkje er til å tru. Personleg har eg aldri ytra meg om dette prosjektet offentleg - eller noko anna av dei to alternativa som no er framme. Og slik er det nok for dei fleste som bur "her på vestsida". Og berre så det er sagt - "her på vestsida" har eg ikkje høyrt nokon som har hatt bastante meiningar mot Sykkylvsfjordprosjektet.
Sykkylvsfjordprosjektet har ikkje på nokon måte vore samtale emne korkje blant skrive eller leseføre her på beste Vestkant...
Personleg ville eg ynskje at det vart realisert, og all honnør til de som kjempar for det.
Det " sparket" som Per Urke langar ut bidreg ikkje akkurat til støtte og forståing.
Vaksen nok bør du vere, Per Urke, å legge deg flat å kome med ei unnskyldning.
Kanskje burde skytset ditt rettast mot ditt eige nærmiljø. Sett bort frå de 2 utflytta frå Urke som kjempar for dette vegprosjektet, er det taust frå Urke,Øye, Leira, Viddal og Bjørke.
Er dei kanskje ikkje så " begeistra" for prosjektet
Eg vil nemne at eg har skrive tre omfattande innlegg om E39 på austsida av Hjørundfjorden. I alle artiklane har eg nemnt at ein ikkje må argumentere for dette alternativet fordi dette skaffar veg til veglause bygder. Det er eit like dårleg argument som at ein må legge vegen om Ulstein for der er så mange kompetansesterke og velståande som kan gi motytingar om ein får det som ein vil.
Så litt om den omtalte stillheita frå andre enn "dei to utflytta" som diskuterte saka. Eg skreiv det eg skreiv om det som eg trudde var grunnen til stillheita frå vestsida av fjorden og begrunna det. Tek eg feil, så kunne det vere greit å få vite om det. I så fall ville eg gjerne lytte til argumenta.
Men Knut Hustad og Helge Strand har i alle fall ikkje bidratt med synspunkt - anna enn kva dei meiner om min ringe person. At alternativet ikkje er diskusjonstema på vestsida av fjorden er ei sakleg opplysning som eg tolkar som at saka ikkje har interesse der - og det kan og vere eit svar. I portalen er det sjølvsagt rom for enkeltpersonar sine synspunkt - utan å ha vore drøfta i ulike fora.
Eitt er i alle fall sikkert: Vegdirektoratet kan ikkje lytte til kva dei ulike meiningsberarane meiner. I staden må ein jobbe for å få fram dei ulike alternativa og vone at det beste vert valt. Difor er det gledeleg at Storfjordprosjektet jobbar seriøst med å fremme sitt alternativ.
I sin siste kommentar hevdar Urke at eg påstår at han er dum. Også det er feil, eg har slett ikkje sagt at han er dum, men eg har sagt at han kjem med ukloke påstandar. Eg reknar med at ein ser skilnaden her.
Eg forstår at Per Urke ivrar for denne E39-saka og at han meiner at alt for få er samd med han/meiner noko i denne saka. Men å gå så langt som Per Urke gjer - nemleg å legge spesielle meiningar til andre som ikkje har sagt noko, er ein debatteknikk som ein ikkje skulle vente frå per Urke si side - eller nokon andre. Per Urke vinn ikkje sympati for saka si på denne måten.
Og til slutt: Eg har heller aldri sagt at alternativet(om Sykkylven) ikkje er eit diskusjonstema på vestsida av fjorden, det eg sa var "har eg ikkje høyrt nokon som har hatt bastante meiningar mot Sykkylvsfjordprosjektet". Det er skilnad på om og mot.
Eg har ei meining om kva dennne tausheita betyr og det har eg uttrykt. At eg har tillagt dykk meiningar dei ikkje har, kan vere ei mistyding. Men når eg har fått vite at de som har kommentert ikkje har slik meining, så skulle den saka vere grei. Det skulle vel ikkje vere så sårande at det trengst orsakingar? Men eg skulle gjerne få høyre litt om kva personar i Bondalen og på Standal meiner om E39 på austsida av fjorden!
Eg har tidlegere uttrykt her på portalen at ein komite med representantar frå Bjørke, Norangdal og Urke gjekk aktivt ut og presenterte tunell frå Velledalen til Norangsfjorden og vidare til Viddal. Dette førte til ein sterk reaksjon frå ordføraren og i neste omgang vart det meldt at saka om Hafast og Fefast var koma så langt at det ikkje skulle lanserast alternativ.
Dette var ein usakleg bløff frå høgste kommunalt hald. Det er frå Vegdirektoratet, for kort tid sidan, gitt varsel om at ein framleis tek mot utspel, og på den bakgrunn vert det no laga eit forprosjekt - Storfjordprosjektet.
Eg har hatt ein lang og oppmuntrande samtale med ordføraren i Sykkylven som stadfester at Storfjordprosjektet skal utgreiast og argumenta skal på bordet før endeleg avgjerd. Ordføraren er klar på at ingen skal vere redd for å framføre sine argument utan å måtte ty til uryddige metodar. Det er når dei gode argumenta manglar det vert brukt sleipe metodar.
Derfor bør vi alle ønskje lykke til med forprosjektet for Storfjordbrua og tilhøyrande tilknytning til E39. Eg vonar at det som er framført frå bygdene på austsida og frå Bjørke kan møte forståing.
Det blir tillyst pressekonferanse når den tida kjem.