Laurdag 28. og søndag 29. januar arrangerer Møre og Romsdal bondelag samling for unge (under 35 år) nye bønder.  Samlinga vert halden på Rica Seilet Hotell i Molde.

Vi tek med eit klipp frå invitasjonen: "Samlinga har som målsetjing å gje nye/unge bønder ein god start i yrket og aktuell kunnskap om næringa. Det blir særleg sett fokus på saker og oppgåver som er aktuelle for nye/unge bønder."

Slike samlingar har vore arrangert tidlegare også - med stor suksess. Samlinga gjev både inspirasjon og lærdom. 

Les meir om påmelding med meir under.  Vil du ha detaljert program?  Ta berre kontakt med underteikna Knut Hustad, leiar i Hjørundfjorden bondelag.

 

Møre og Romsdal Bondelag inviterer til:                                                                            

 

Samling for unge/nye bønder laurdag 28. og søndag 29. januar 2012

på Rica Seilet Hotel, Molde

 

Samlinga har som målsetjing å gje nye/unge bønder ein god start i yrket og aktuell kunnskap om næringa. Det blir særleg sett fokus på saker og oppgåver som er aktuelle for nye/unge bønder.

 

Eksempel på aktuelle tema:

  • Status for landbruket i fylket – utfordringar for nye/unge bønder.
  • Å styra garden som bedrift - økonomi og driftsplanlegging.
  • Aktuelle næringspolitiske tema som er særleg aktuelle for nye/unge bønder. 
  • Økonomiske verkemidlar, satsingsområder og finansieringsmuligheter.
  • Erfaringsutveksling og råd til unge/nye bønder.

Bidragsytarar under kurset er sentrale personar i landbruksorganisasjonane  i fylket, samt bønder som bidrar med å utveksla sine erfaringar.

 

Meir detaljert program for og deltakarliste vert sendt påmeldte deltakarar ca. 20. januar.

 

Kursavgift:

Medlemar i Norges Bondelag under 35 år har gratis kurs og opphald.

Kursavgift kr. 1.500 for andre deltakarar og for dei som har deltatt på tilsvarande samling før.

 

Kursstaden Rica Seilet Hotel i Molde har gode fasilitetar, m.a. i tilknytning til Moldebadet,

Bris Treningssenter og Cosmopol SPA. Sjå http://www.rica.no/seilet

 

Påmelding med info om namn, e-post og mobil innan måndag 16. januar 2012 til

Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90

eller e-post:  more.romsdal@bondelaget.no .

eller på heimesida: www.bondelaget.no/moreogromsdal