Laurdag 28. og søndag 29. januar arrangerer Møre og Romsdal bondelag samling for unge (under 35 år) nye bønder. Samlinga vert halden på Rica Seilet Hotell i Molde.
Vi tek med eit klipp frå invitasjonen: "Samlinga har som målsetjing å gje nye/unge bønder ein god start i yrket og aktuell kunnskap om næringa. Det blir særleg sett fokus på saker og oppgåver som er aktuelle for nye/unge bønder."
Slike samlingar har vore arrangert tidlegare også - med stor suksess. Samlinga gjev både inspirasjon og lærdom.
Les meir om påmelding med meir under. Vil du ha detaljert program? Ta berre kontakt med underteikna Knut Hustad, leiar i Hjørundfjorden bondelag.
Møre og Romsdal Bondelag inviterer til:
Samling for unge/nye bønder laurdag 28. og søndag 29. januar 2012
på Rica Seilet Hotel, Molde
Samlinga har som målsetjing å gje nye/unge bønder ein god start i yrket og aktuell kunnskap om næringa. Det blir særleg sett fokus på saker og oppgåver som er aktuelle for nye/unge bønder.
Eksempel på aktuelle tema:
- Status for landbruket i fylket – utfordringar for nye/unge bønder.
- Å styra garden som bedrift - økonomi og driftsplanlegging.
- Aktuelle næringspolitiske tema som er særleg aktuelle for nye/unge bønder.
- Økonomiske verkemidlar, satsingsområder og finansieringsmuligheter.
- Erfaringsutveksling og råd til unge/nye bønder.
Bidragsytarar under kurset er sentrale personar i landbruksorganisasjonane i fylket, samt bønder som bidrar med å utveksla sine erfaringar.
Meir detaljert program for og deltakarliste vert sendt påmeldte deltakarar ca. 20. januar.
Kursavgift:
Medlemar i Norges Bondelag under 35 år har gratis kurs og opphald.
Kursavgift kr. 1.500 for andre deltakarar og for dei som har deltatt på tilsvarande samling før.
Kursstaden Rica Seilet Hotel i Molde har gode fasilitetar, m.a. i tilknytning til Moldebadet,
Bris Treningssenter og Cosmopol SPA. Sjå http://www.rica.no/seilet
Påmelding med info om namn, e-post og mobil innan måndag 16. januar 2012 til
Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90
eller e-post: more.romsdal@bondelaget.no .
eller på heimesida: www.bondelaget.no/moreogromsdal