Planen var at sjølve ferjekaia skulle vere ferdig til jul, men p.g.a. at grunnarbeid, plastring m.m., under havflata tok lengre tid enn rekna med, vert ikkje den nye ferjekaia på Sæbø ferdig før i slutten av februar.  Det er Bjørn Ringstad i Implenia, tidlegare Betonmast Anlegg, som fortel dette til hjorundfjord.no.

- Men du kan love at ferja kan legge til nyekaia i løpet av mars?

- Absolutt.

007b 015b
Bjørn Ringstad(t.v.) og hovudentreprenør Implenia lovar at ferja på Hjørundfjorden kan legge til den nye ferjekaia på Sæbø i løpet av mars.

I eit utriveleg vêr sist torsdag var det kaidekket som vart støypt.  Heile 140 kubikkmeter betong gjekk med og betongbilane frå Unicon køyrde nærast i skytteltrafikk. Arbeidarane til Ringstad kjem frå Finland og Polen, men mannen bak spakane på fjernstyringa til pumpebilen med den 38 meter lange betongpumpa, var Sigurd Langva frå Austefjorden.

012b 004b
Sigurd Langva(t.v.) har hatt trivelegare arbeidsdagar bak spakane på den 38 meter lange betongpumpa.  Det er kaldt nok å arbeide på ein slik dag, men røyken vi ser er damp - damp som skal tine opp is under den kvite duken før det kan støypast.

014
Kaidekket vert breitt og fint - ein ny makrellfiskeplass?

016b 003b
Betongbilane gjekk i skytteltrafikk, men litt venting(t.h.) kunne det likevel verte. Men arbeiderane kan nok å klede på seg.

Enno er ikkje alt støypearbeid ferdig, men berre ein liten del står att.  Så skal sjølve ferjelemen på plass.  Og når det vert vår og laglege forhold, vil finpussen på land verte gjort.  Dette arbeidet vil likevel ikkje verte gjort av Implenia.  Andre må ta seg av det arbeidet, seier Ringstad. Og på den tid vil truleg han og arbeidarane på eit nytt anlegg i Bergensområdet, fortel mannen i uvêret og dampen.

Bjørn Ringdal avsluttar med ei lita historie han nyleg fekk presentert frå ein av dei finske arbeidarane sine.  For nokre år sidan hadde finlendingen og kona hans hatt ein lengre ferie på eit par månadar i syden.  Dei hadde då vorte godt kjende med eit norsk ektepar.  Det spesielle med ekteparet var at dei orka å ligge  ved hotellbassenget kvar dag - kvar einaste dag. Dette kunne finlendingen kort og godt ikkje forstå.

Men no gjer han det, humrar Ringdal, etter å ha vore på Sæbø i all nedbøren sidan sist sommar.