Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon

Den nye gymnastikksalen til Sæbø skule er kanskje ikkje så stor som ein kunne ynskje i utgangspunktet, men tidlegare rektor ved skulen, Nils Taklo, er ikkje i tvil - gymnastikksalen og det nye garderobeanlegget vil, saman med eit nyrenovert Sagafjord Hotell, føre til både folketalsvekst og auka optimisme i Hjørundfjorden.  Og Taklo gler seg også over at dei på Vartdal snart  får seg ny gymnastikksal. - Dei to nye gymnastikksalane vil vere eit godt døme på kva ein kan få til ved hjelp av godt samarbeid mellom bygder.  Taklo er også full av takksemd til det førre kommunestyret i Ørsta som gjorde kloke vedtak om bygging.

022b 037b
Sæbø skule og elevane der vil ha stor glede av den
nye gymnastikksalen
Og resten av folket i Hjørundfjorden, legg tidlegare
rektor ved Sæbø skule, Nils Taklo, til.

028b 030b
To stk. fine garderobe- og dusjanlegg høyrer sjølvsagt med - sjølvsagt med flisbelagde veggar i dusjen.

032b 019b
"Garderobegangen" til venstre. Mange fine toalett, også med dusj, er på plass.

020b 026b
Toalett for funksjonshemma til venstre.  Teknisk rom/ventilasjonsanlegg til høgre.

039b
Her ser vi Nils Taklo og underentreprenør Lars Petter Strandmann(t.h.) i hallen der publikum vil kome inn når dei skal vitje Hjørundfjorden si nye storstove.

046b
Allereie torsdag i neste veke skal Åsmund Langeland i firmaet Ing. Arvid Thuland AS, hovudentreprenør, overrekkje ein heilt ferdig gymnastikksal til Ørsta kommune. Så skal han og mannskapet hans ta seg eit par dagars pause, som han seier,  før dei startar bygginga av den nye gymnastikksalen på Vartdal.

Gymsalen 009b
Den nye gymnastikksalen med garderobeanlegg sett frå utisda.