Juleførebuing.
Mary og Anna pussar messing, alt skal skine når det er jul.
I år er det visst karane som står for juletrepyntinga,
Arne heng opp lekkjer og kuler.
Reidar passar på at kulene heng fint.
Knut er sjefspyntar på treet i gangen, her er det på stell.
På kjøkkenet er Sissel i full gang med å lage til julematen.
Lukta av tradisjonsmat av beste sort, breidde seg i heile huset.
Slik det SKAL vere i alle heimar.
Tolmodige og blide desse damene,
oppvasken går unna når Inger og Berit er i sving.
Likkjejulafta.
Marita serverar lutafisk klokka 12, med alskens tilbehør.
Kjende smakar i godt lag, Arne og Audun kosar seg.
Julafta.
Rolf Dyrhol kom og heldt juleandakt, det var ei høgtidsam stund.
Arne, Arne, Audun, Jan Tore, Tordis og Ragnar syng med på julesongane.
Gamle og unge kosa seg i lag.
Stunda vart avrunda med gang rundt treet.
No var det tid for smaking på julekaker,
medan vi venta på julemiddagen.
Kåre, Sylvi og Anna kosar seg ved bordet.
Julemiddagen smakte godt, alle vart mette og fornøgde.
God mat i godt lag, julefreden senkar seg rundt bordet.
Arne og Manuela er spent på kva som er i pakkane.
Julegåver er like kjekt kvart år, spennande å åpne.
Mykje flotte gåver og Arne smilar frå øyre til øyre.
Alle får pakkar, mjuke og harde, Solveig og Audun opnar i spenning.
Romjul.
Anna og Mary med ein fantastisk Amaryllus på bordet mellom seg.
Alvhild og Sigrunn i full gang med å merke alle nye kleda som folk fekk i julegåve.
Alltid like blide og hyggelige.
Ragnvald og Solveig i finstasen.
Ein tapper og påliteleg gjeng som møter på jobb, høgtid og kvardag. Norunn, Rebekka, Haldis og Else Marie.
Like motiverte og blide, uansett.
Julefest.
Knut leidde festen, og hadde eit variert program å by på.
Martine, Lise og Marta song kjende julesongar.
Marie Standal vekte mange kjekke minner i alle sinn, då ho viste bilder og fortalde om julefestane på Standal og Stavset.
Alle song med på allsongen.
Tordis, Jorunn og Jan Tore fyljer med på underhaldninga.
Ein fin gjeng med festpynta damer i sin beste alder,(bak frå venstre) Astrid, Kirsten, Inger, Kjellaug, Margit, Sigrunn,(framme frå venstre) Hildur, Liv og Karoline.
Anne Elisabeth og Elsie
Inger og Karoline diska opp, på vegne av kjøkkenet,
med dei flottaste kaker av alle slag.
Reidun og Einar, i feststemning.
Vi kosa oss lenge med kaffi og gode kaker.
Arne Stokke hadde ein del av familien på besøk, Ingvild, Heidrun, Gunnar, Annlaug, Sverre, Liv, Arne, Ildri og Ragnhild.
Jenny, Espen og Anna
Til slutt var det gang rundt treet, mange ville vere med, og alle song med.
Nyttårsafta.
Mary og Anna i finstasen, klar til nyttårsmiddag.
Rangvald, Solveig, Mary, Anna, Sylvi, Leif og Ragnar.
Nyttarsfeiringa er godt i gang, Solveig, Reidun og Einar vel forsynt etter nyttårsmiddagen.
Nyttårsmiddag i festpynta fjordstove, stemningsfullt og triveleg.
Tordis og Solveig, festpynta og flotte.
Kaffi i godstolen etterpå, Arne ventar spent på neste år.
Skal tru kva det vil bringe oss?
Bebuarar og tilsette på Hjørundfjordheimen
vil takke for året som var,
og ynskje alle eit GODT NYTTÅR!
Kommentarar
Ann Helen Aune (barnebarn til Anna Brune)