Strikkekaféen på Sæbø brukar å markere sesongavsluttingar og onsdag 7. desember arrangerte Ann Helene Urkegjerde, Ingvild Åmbakk og Haldis Fiskå Mo julebord på Bedehuset på Sæbø.

Gjennom året varierer talet som møter på kvar strikkekafé, det vanlege er ein plass mellom 20 og 30, men på julebordet møtte om lag førti damer. 

Julebord

 Kjekke damer samla til julebord

Salen på Bedehuset var flott pynta og vedomnen sørgde for god temperatur.

 Julemat

 Julemat frå Asco (Kiwi) i Ørsta.

Maten kom med bil frå Ørsta og her mangla ingen ting.

Fåreribbe, svineribbe, pølser, medisterkaker, rabbestappe, surkål, rødkål og poteter.

Berre å forsyne seg!

Bordpynt

Stemningsfull borddekorasjon

Gamle former kan brukast som trygge lysfat.

Dessertbord

 Judit Aarseth, Karin Frøland og Sigrun Hjellen forsyner seg frå dessertbordet.

Middagen var beregna i rikelege porsjonar, men god dessert har ein alltid plass til.

Nydeleg karamellpudding, krem og hermetiske pærer.

Dessertkø

 Oddny Slettedal, Jorunn Hustad og Marie Øye

375

Ingvild Åmbakk, Lisbeth Vatne Nielsen og Elisabeth Dimmen.

Kanskje ikkje det mest flatterande biletet frå festen, men eit særs godt eksempel på at praten går og damene har det kjekt når dei samlast.

Men, så dundra det på døra...

Nissebesøk

og inn kom eit nisseliknande vesen med sekken full av gåver til damene.

Gåvene har damene på strikkekaféen kjøpt til kvarandre. Den som kjøpte gåva visste godt kven som skulle få den, men den som fekk visste ikkje kven den var frå.

Dette har damene praktisert nokre år, etter tips frå tyske Manuela Ritter, og synest det er like kjekt kvar gong.

Gåver til alle og alle gåvene merkte med namn.

Litt av ein jobb for ein godt kledd "nisse", men riktig lystig og lettbeint var ho.

Nisseklem

Nissen hadde det fóle travelt, men rakk ein god klem og ei lita gåve frå Ann Helene før ho måtte vidare.

Høgtlesing

På julebord brukar det vere underhalding.

Det er ikkje alltid lett å få nokon til å kome   til Sæbø ein kveld midt i veka i ei travel førjulstid, men det gjer ikkje så mykje når strikkekaféen har folk frå eigne rekkjer som kan stå for underhaldinga. Karin Flatnes las ei god og fornøyeleg historie av Arthur Klæbo.

Tida går fort i godt lag og denne kjekke kvelden tok slutt etter kvart.

Takk til dei som stod for eit kjekt arrangement!

No har alle damene på strikkekaféen hatt "ferie" i ein månad. Dei fleste er sikkert klar med nye prosjekt og førstkomande onsdag kl. 19.00 - 22.00 møtest dei igjen i kjellaren på Bedehuset like ved kykja.

Men dei har eit ynskje om at endå fleire og gjerne fleire av dei yngre, skal finne vegen til strikkekaféen på Sæbø. Det er kjekt å få treffast, prate, lære av kvarandre og verte inspirerte.

Om du ikkje driv med handarbeid er du velkomen på strikkekafé likevel.

 Vel møtt!