Reidar Skarbø,  - som vi ser halvparten av på biletet under her -

er fast lesar og bokmeldar av dei mange årbøkene som sogelaga gir ut som perler på snor i tida før jul. Det er ei svært populær julegåve til folk med slekt og vener også utanfor Hjørundfjorden.

Reidar gir klar beskjed om kva som er bra, men og kva som ikkje er bra. Han kan vere nådelaus ærleg i så måte.

 

Kommentar Reidar Skarbø

La vi i parantes ikkje la vere å slå fast at Reidar sine røter er rotfaste på Skarbøen. Men vi er sikre på at han ikkje av den grunn brukar silkehanskar når han vurderer Årsskriftet nr. 33 - Hjørundfjord Sogelag 2011- .

Bokomtale Nytt i Uka

(Eg håper at ein kan forstørre artikkelen ved å klikke på fotoet)


Sitat frå innleiinga:

Etter meir enn 30 år med stadig meir innhaldsrike årsskrift, kunne ein lett falle i tankar om at no må det snart ta til å tynnast med emne å skrive om, der inne i den folkefattige fjorden. Men Hjørundfjord Sogelag gjer alle slike tankar til skamme, nok ein gong. Redaktør Jarle Walseth og skriftstyret hans leverer som aldri før.

 

Siat frå avslutninga:

Endå er her mangt og mykje godt som ikkje er nemnt. Så for å gjenta seg sjølv; i sin sjanger er det framleis ingen over og ingen ved sida av Hjørundfjord Sogelag sitt årsskrift. Bravo!

 

Dette er gode og velgjerande ord til skrivarane og ikkje minst redaktøren sjølv, Jarle Walseth. Ta det til dykk og gratulerer!

Og til dei som ikkje har skaffa seg seg dette forvitnelege årsskriftet: Bestill det og les det. Klikk på reklamen på framsida i venstre spalte på portalen, så ser du korleis du kan skaffe deg ein kulturell og lokalhistorisk inspirator!