I går fekk eg tilsendt ein bunke med gamle, men etterlengta Møre-Nytt. I nr 147, dat 24.12 fann eg ei poetisk perle som gjorde sterkt inntrykk. Det er sjeldan eg finn ein tekst og eit bilete som harmonerer så vedunderleg, og som saman fortel så mykje.

Biletet syner (kjend) velstelt setergrend i trolsk måneskinsstemning. I eit av dei små vinddaugo skimrar ein lyset frå ein oljelampe. Utanfor ligg snøen kald og glitrande.

Teksten, den lyriske kommentaren, ber namnet LUKKA, og forfattaren er Knut Riise.

Takk til deg Knut som kan skape slikt stemnngsfull, poetisk lyrikk !

Med "sommarleg" helsing frå Sverre Måseidvåg