Det er slik at Anders Hustadnes var meldar for Sunnmørsposten. Det er truleg at eit av desse bileta er brukte der, og så har han fått att filmen framkalla.
Eg legg inn alle 3. Det orginale formatet er mykje større, men det held vel til identifisering.



Nokre av dei les seg heim att for meg også, men ikkje alle.
Fortel oss kven, kva tid og kva slag anledning dette var.
Om dette er av interesse så kan vi kanskje bruke portalen vidare i arbeidet vårt.
Om ikkje lenge vil eg legge inn nokre foto frå miljøet rundt Hustadbrua i ei tid då årets laksesesong vert svartår til samanlikning. Dette også frå Anders si samling.
Spennande (11.01.2012 kl. 22:18)
Når ein legg ein negativ film på skannaren som ikkje har vore framkalla før, er det spennande. Plutseleg så kjem eit flott bilde opp på skjermen og somme tider kjenner ein personane, og andre tider er dei heilt framande.
Når ein då får slik respons som her, då vert bilde mange gongar så mykje verdt. Med eitt har ein ei god forteljing med eit bilde til.
Vi får stå på, og det kan verte mange godbitar av bilde framover på portalen, og vi treng hjelp med å identifisere dei.
Ivar Svein Mo
Loddsalg til Redd Barna... (11.01.2012 kl. 21:42)
Å kor kjekt å sjå gamle bilder :) -Vi hadde klubb vi jentene, å samla inn pengar til Redd Barna. Der var ofte vi hadde loddsalg ute på sommarane :) Anette har rett med alle navna, Kristin og Vibeke Berge er systre og bodde i prestegarden. Vi var veldig ivrige i tjenesta, å rulle lappa fleire gongar til tombola også :) -Og folk kjøpte lodd med oss. Å premiane fekk vi på butikkane, å med foreldra våre. -Denne gongen var det kolonialkasse og dukke med klede som var premie :)
-Kanskje hugsar dokke andre meir enn meg ?
Anders brukte allfall alltid å være på pletten å ta bilde å sende inn av oss.
-Er litt usikker på årstall, men kanksje er det nokre andre som hugsa det ?
Knut, veldig kjekt å ha slike "gamle " bilder på portalen syns eg, flott at du tek deg tida til dette arbeidet :)
Elisabeth Å Dimmen
Martin Årseth Dimmen
Mange kjente (11.01.2012 kl. 20:58)
Eg veit ikkje kva høve, men dette må da være Bente Rekkedal, Kristin Berge, Elisabeth Årseth, Eva Årseth, Heidi Holen og Anne-Lisbeth Eidem. Er litt usikker på dei to minste, men kan det være Vibeke Berge og Elsebeth Kvistad?
(brukar "pikenavna")
Anette Olin K. Lyshagen