Til Ordføraren i Ørsta Kommune

v/Rune Hovde

Kopi til Rådmann                                                                    Sæbø 18 desember 2011

Grendalaga i Hjørundfjorden og Hjørundfjord Bygdemoblisering ber på vegne av folket i Hjørundfjorden om svar på følgande:

  1. Innsparingane kommunen meiner vil skje ved å legge ned legekontoret på Sæbø.
  2. Innsparingane kommunen meiner vil skje ved å legge ned kjøkkenet på Hjørundfjordheimen.
  3. Innsparingane ved å ha felles leiing ved alle dei tre institusjonane i kommunen, samstundes som Samhandlingsreforma skal innførast, og det er ei forventning om kvalitetheving av tenestane.

Vi krev å få sjå dette reknestykket!

Legekontoret.

Som de veit er det mange eldre som bur på bygdene i Hjørundfjorden. Befolkninga øker i alder, dess eldre ein vert, dess meir behov for legetenester . For desse er nedlegginga av legekontoret ei rasering av livskvalitet. Mange eldre må til lege kvar veke, med lang reisetid.

Bur ein td.på Øye, og skal til lege i Ørsta, kan ein ta 0800 bussen. Då vil en være heime kl. 1530 med dei busstilboda vi har her. Alternativt kan ein ta drosje som ein betaler sjølv. Dette vært for kostbart. Har ein krav på å få refundert drosja, må fastlegen ved Ørsta legekontor bruke tid til å bestille drosje gjennom pasientreiser. Då må ein og ta hensyn til kva tid fergene går, og la pas. frå Hjørundfjorden få timer etter fergetidene/busstidene. Her vert det meirarbeid på eit allereie pressa legekontor i Ørsta.

Desse drosjerefusjonane går frå eit statlig budsjett, og så kan ein spørje seg om det er rett å gi ”blaffen” i det, så lenge det ikkje er kommunen som må betale? For transportbehovet vil auke.

Så er det dei som skal følgje nokon av sine til lege. Kanskje jobber dei på ein kommunal arbeidsplass som  skulen, i barnehagen eller på sjukeheimen. Fravær av arbeidstid, med innleige av vikar, vil gi meirutgifter til kommunen. Og for næringslivet elles er det og eit kostnadspørsmål.

For Hjørundfjordheimen vert det sjølvsagt meir tungvint å få lege på tilsyn så ofte som fastlegen vår no kan gjere. Vartdal og Sæbø har ulike utfordringar ift. legebesøk. Sæbø har lang reisetid med ein fjord imellom, og få bussar som går pr. dag

Pr. i dag har legekontoret ca. 800 listepasienter. I tillegg kjem pas. Fra Hjørunfjordheimen. Fulle timelister, og ventetid har vorte vanleg her på Sæbø.

Vi synest det er merkelig at det skal være så kostbart å drifte Sæbø legekontor. Huset er nedbetalt, fulle pasientlister, som kommunen får inntekter på i form av tilskudd pr. pasient. I tillegg får kommunen husleige fra ”Doktorboligen” I Dr. Hame si tid vart kontoret drevet privat, med eit lite tilskudd fra kommunen. Han betalte og kontorpersonell sjølv.

Samhandlingsreforma skal være ei reform som sikrar betre kvalitet på tenestene til befolkinga, og gi økt pasientsikkertheit. Den legg opp til at dei eldre skal kunne bu lengre heime, i tillegg til at kommunane sjølve skal ta seg av dei meir spesialiserte tenestene som spesialisthelsetenesten (sjukehusa) tek seg av pr. i dag. Fokus skal være på livskvalitet, tryggleik og helse. I budsjett-debatten er det  kun økonomi som har fokus. Det er pinleg og trist at det nok ein gong er dei svake gruppene, og utkantane som skal betale prisen. Og prisen er småpenger, tatt ut frå eit estimat som ikkje er kvalitetsikra, verken for oss eller politikerane.

 Samhandlingsreforma vil føre til  tettare oppfølging frå lege, og meir tilsyn på sjukeheimane. For alle vil det være ein vinn/vinn,  at legen fortsatt er på Sæbø/Bjørke. 

Kjøkkenet

Nok ein gong skal kjøkkenet leggast ned for å spare ”peanøtter” I to runder før, under to  ordførar, vart det rekna på om det ville lønne seg økonomisk. Konklusjonen var den same, ingen gevinst på nedlegging.

Men det triste er at det nok ein gong vert valgt vekk verdisyn. Dei eldre må være meir verde enn denne fornedrane debatten. Eit kjøkken høyrer til i ein heim!

Kutt i leiarstaben ved å innføre felles leiing.

I fleire aviser les vi at Hjørundfjordheimen er vel drevet,både kvalitetsmessing og økonomisk. I tillegg har dei lite sjukefravær. Dyktige leiarar, og personale med ”eigarforhold” til heimen er grunnen.

Arbeidskulturen som er ved Hjørundfjordheimen kan lett verte pulverisert ved å ha felles leiing, som er fysisk fraværande. Samhandlingsreformen vil krevje enda meir av leiarane enn det som er i dag. Overskridingar av budsjett må løysast der eigarane av problema er.

Verdivalg og Distrikspolitikk

Kommune er med på å legge til rette for at det skal investerast for mange millioner i Hjørundfjorden. (Øye og Sæbø hotell) Samstundes tek de frå oss dei mest grunnleggande ting eit småsamfunn treng for å leve. Korleis skal vi få dei unge til å busette seg her når det aldri vert ro, og forutsigbarhet rundt desse spørsmåla? Ønsker vi levande bygder?

Rådmannen seier i Møre Nytt 17 des. 2011 at ingen skal uroa seg for arbeidsplassane. Det hadde vore på sin plass å gi oss som bur i Hjørundfjorden same vissheit når det gjeld helsetenester. Pr. i dag har vi ikkje høyrt eit ord om korleis det skal være for dei som td. bur på andre sida av fjorden, Standal, Trandal, Leknes, Urke, Øye,Stennes, Skår, Viddal, Leira, Finnes og Bjørke.når dei har behov å komme seg til lege.

For oss som bur her er det ikkje tvil om kva denne debatten handlar om, nemlig Distrikspolitikk og verdivalg. Vær modig og gi oss forutsigbarheit, slik at vi kan få tryggheit, trivsel og vekst. Det tener alle parter på. Også økonomisk!

 

Mvh.

Og på vegne av Grendalaga i Hjørundfjord og Hjørundfjord Bygdemoblisering,

Marit Riise Olsen