Som kjent vart det i 2008 lagt om ca 2/3 av torvtaket på
Grendahuset. Denne reparasjonen var omfattande, men høgst nødvendig grunna lekkasje.

Dette saman med at straumutgiftene har vore høge siste åra, har gjorde at eigenkapitalen er sterkt redusert.Vi ynskjer å kunne styrke denne.
På vegne av eigarane vonar vi i styret at bygdefolket nyttar høve og gir ei gåve til Bondalen Grendahus P/L, slik at vi også i framtida kan ha eit triveleg og fint forsamlingshus.

Vi vil dei komande dagane legge ut ein innbetalingsblankett i postkassene til alle hustandane i dalen. Med den ynskjer vi at alle  som vil vil ha eit god og triveleg forsamlingshus gir ei pengegåve til huset.

Du kan laste ned innbetalingsblanketten her.


Med venleg helsing styret i Bondalen Grendahus P/L