"Opplev Sunnmørsalpane - friluftsliv frå fjord til fjell" av Stig J. Helset, Fredrik Sigurdh og Eirik Vaage.  Forlag:  Fri Flyt

Underteikna var nok ein av skeptikarane til denne boka - før ho kom ut.  Tanken var at boka ville bli for smal, ei bok berre for dei som klatra dei brattaste fjellveggane, rann ned dei brattaste og smalaste rennene osb. Eg tok feil, dette er ei bok for alle - i alle fall ei bok for oss som har litt hjørundfjording i oss.

image001
Lill Haugen har hatt ansvaret både for tekst og foto i kapittelet om dykking. Her eit motiv frå området ved den gamle Skodjebrua.

Dette er altså ikkje berre ei bok for dei som likar bratt skikøyring høgt til fjells. Nei, i boka finn vi  gode kapittel om rolege sykkelturar, padling på stille fjordar, dykking i Lygnstøylvatnet, toppturar til fots, men også meir krevjande aktivitetar som surfing v/Stad, fjellklatring, isklatring, longboarding og paragliding. Og kva om du ikkje driv med nokon av desse aktivitetane?  Hugs på at her er svært mange flotte foto som har klart seg godt gjennom trykkjeriprosessen.

image002 Andre Spica_Padling_Geiranger
Sykkelturar og padling er to av dei mange aktivitetane som har fått eigne kapittel i boka.

Det finst mange reisemål i verda som har betre vêr, høgre fjell, finare strender, betre sørvis og billegare varer.  Men det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet - breidda... Dette står i lese i innleiinga til boka.  Nettopp, og boka er med på å gjere både Hjørundfjorden og Sunnmøre større. No, med nye og gode vegar, er boka med på å minne oss om at det ikkje er lange køyreturen til Runde, eller til det fantastiske landskapet og bylgjene og i Hoddevika ved Stad.

Bladet Fjellposten til DNT si avdeling i Ålesund, meiner at boka  er svært så god, men legg likevel til at det kanskje finns flotte og gode tur- og skifjelltoppar andre stadar enn, nettopp - i Hjørundfjorden.  He, he, men det skal ikkje vi klage på.  Kanskje tek eg feil, men eg meiner å ha fått med meg ein stad at det skal vere 120 bilete i boka.  Rundt 40 av dei er frå hjørundfjordområdet.  Nei, vi skal ikkje klage på omtale.

image001(2)
Ikkje interessert i klatring?  Neivel, men du kan likevel hygge deg med mange fine foto.  Fotoet er frå Molladalen, fjellet i bakgrunnen er Holtanna og bak der igjen ligg Hjørundfjorden...

Boka er skriven på eit godt nynorsk(!), i hovudsak ført i pennen av filologen Stig J. Helset.  Han har i alle høve ikkje brukt for mange adjektiv, men særleg unge lesarar vil få med seg at nynorsk er eit godt språk som også kan brukast på facebook.

Eg vil tru at ein del av dei  som les om t.d. dei utvalgde fjelltoppane og skikøyring, vil sakne litt informasjon om vanskegrad, gode råd osb. Kanskje burde det også ha vore med at Grøtdalstinden, toppen er særskilt nemnd, har ei utfordrande og glimrande nedrensle på "baksida", nordisda,  ned i Lisjedalen.

Men skulle alle hatt med detaljane for "sin" aktivitet, hadde nok boka blitt svært så stor - eller "smal".

Til slutt må det takast med at boka har eigne kapittel om dei ulike skisentra på Sunnmøre, om reise og overnatting, om fjellnamn i Sunnmørsalpane og mykje, mykje meir .  Boka er å få kjøpt i bokhandlane og i sportsbutikkar.  Ho kan også tingast på www.eksponert.no

Vi er utruleg heldige som har forfattarar og forlag som satsar så mykje på "vårt" område.  "Opplev Sunnmørsalpane" er eit nytt kvalitetsprodukt.

Knut Hustad