Tida har ein tendens til å går raskt - det er snart to månader denne kjølege haustkvelden i slutten av oktober, denne haustkvelden då også vi her langt sør i landet kunne vere heldige å få sjå eit vakkert nordlys.

Nordlys 008b
Foto teke i retning aust, nordaust.  Du skimtar Lissjedalshornet i nedre, venstre biletkant.

I desse tider har eg sett i alle høve to ulike kalendrar med nordlysmotiv.  Fine fot, men kvifor skal bileta overdrivast slik?  Nordlys kan vere utruleg flott og fargerikt, men eg meiner nok at mange fotografar m.m. har ein tendens til å overdrive, dvs. setje på meir lys- og dermed farge enn det naturen syner.

Nordlys 020 copy
Her ser vi Myrholen i underkant av fotoet, midt på ser vi Grøtdalstinden - den søre, og bak Grøtdalstinen ein stad finn vi nordlyskjelda.  Klikkar du på fotoet og får det i stort format, ser du heilt sikkert stjerneteiknet Karlsvogna også.  Her er ikkje "smurt på" for mykje lys.

Litt teknikk:  For å få gode og skarpe foto hadde det vore ein fordel å bruke ein låg ISO, rask lukkartidtid, t.d 1/125 s og kanskje ein blendar på 5,6. Ei så raskt tid fordi nordlyset er ikkje nokon "lysgraut", norlyset har pulserer gjerne raskt, og bevegar seg sidelengs.  For å få med detaljane burde ein altså bruke ei raskt lukkartid.

Eg brukte ein ISO på 800 og ei lukkartid på 8-9 sekund.  Sjølvsagt vart stativ brukt. 

Nokre foto til:

Nordlys 025 copy Nordlys 030 copy (2)
Alle fotoa er tekne her frå Årsethaugen på Årset i Bondalen. Foto til venstre(klikk på det for å få det i stor versjon) er teke mot aust.  Vi ser Storhornet.  I nedre, høgre biletkant er det noko lysforureining frå eit hus.  Du legg kanskje merke til Sjustjerna? (Heiter dette stjerneteiknet for Veslebjørn?)
På foto til høgre ser du sikkert det same stjerneteiknet.

Nordlys 021 copy

"Berre" grønt kan også vere vakkert.  På nytt ser vi både Grøtdalstinden og Karlsvogna.

Det hadde no vore artigt å få høyre andre si meining om slik fotografering.  Er det nokon som har gode tips å kome med?