Generasjonskorpset på Sæbø har øvd inn noko nytt repertoar i haust og gler seg til den årlege julemarknaden på Grendahuset.

Julemarknaden er den viktigaste inntektskilda til korpset og vi er svært takknemlege for den gode oppslutnaden arrangementet har.

Publikum 2009

Julemarknaden er som ein basar med sal av lodd på bok, årer, tombolalodd og gode kaker og smørbrød.

Også i år har vi møtt stor velvilje frå bedrifter som vil støtte oss med flotte gevinstar.

Frå Felleskjøpet har vi atter ein gong fått ein stor, flott John Deer trøtraktor (verdi ca. kr. 900,-). Mange små korpsvener ønskjer seg ein slik.

Damene på strikkekaféen er óg rause med gåver til korpset. I år har eit par av dei vore på leikebutikken og kjøpt ein leike-handle-trillebag og fylt oppi den nokre overraskingar. Dette vert spennande!

Frå møbelfabrikken på Sæbø har vi fått ein liten barnestol, frå leikebutikken på Amfi har vi fått eit brettspel og frå Princess har vi fått eit par sengesett til barn, eit leike-/krabbeteppe til baby og eit fleeceteppe med Blåfjell-motiv.

Frå Nille har vi fått åregevinstar som passar både for små og store.

Julemarknaden på Grendahuset har tradisjonelt mange unge gjester og vi synest det er kjekt at mange flotte gevinstar passar ekstra godt til denne aldersgruppa.

Men her er flotte gevinstar til dei vaksne og.

Shell gir gåvekort på bilvask, Ose & Aarseth gåvekort kr. 500,-, Fora Form gir oss ein plaststol og vinnaren kan sjølv velge fargen, frå apoteket i Ørsta har vi fått fleire pakkar med kroppspleie, frå Eik har vi fått ei bøtte med bilpleieprodukt, Statoil gir oss ein kaffikopp med kaffiavtale, Egil Olsen gir sin nyaste CD signert, frå meieriet får vi ei tine med div. ost og dessertar. Helselaget gir oss ei fruktkorg, Eldbjørg Eidem har strikka pulsvarmarar (utruleg godt å ha på kalde dagar), Anna Stokke har strikka ein rund duk/serviett, askebøtte frå Europris, Ørsta stoffsenteret gir ein materialpakke til sitteunderlag ein kan strikke sjølv, Bok og miljø gir ein brødristar, frå Skeidar har vi fått ein stor duk 150 x 350 cm, to ryggsekkar frå Tussa, ein bag frå Bilextra, middag for to på Hotell Ivar Aasen i Ørsta og eit ute/inne teppe frå "Målar-Olav".

Her er endå fleire gevinstar og mange tombolagevinstar, så vi håper de tek turen til Bondalen grendehus søndag og prøver vinnarlukka.

Det er kjekt å spele i korps når ein opplever slik velvilje!

Men medlemane i generasjonskorpset ønskjer sterkt at fleire skal kome og spele i lag med oss. Vi veit det er mange dyktige musikantar i Bondalen og instrument ligg klar og ventar.

Spesielt ønskjer vi oss unge musikantar, men korpsmusikarar held seg unge, så alle aldrar er like velkomne. I dag er vi i alderen 12 - 76 år og har det svært kjekt på øvingane, men dei yngste saknar forståeleg nok fleire på deira alder. Så skal vi klare å halde liv i korpset på Sæbø må nok fleire verte med.

Vi gler oss til å få spele for dykk søndag kl. 16.00.

Velkomne!

2. søndag i advent