Julefest 2011 019 copy 6
På golvet kan det vere fint å vere under julefesten Ingrid vart nok litt trøytt mot slutten av festen, men så dukka julenissen opp med sjokolade.

Det er dei minste som står i sentrum på familiefesten på bedehuset 4. juledag - akkurat slik det skal vere.  Og når så mange møter opp vert det endå kjekkare for alle.

Arrangørane av denne populære julefesten kan sitt fag.  År etter år klarer dei å få til eit så godt program at storsalen på bedehuset nærast vert full på kvar fest.  Og unge og gamle tek del, også på programsida.  Programleiarar var Karoline Dimmen, 9 år, og Martine Follestad, 15 år.  Bjarne Hustadnes har for lengst passert 80, men han spelar enno i Hjørundfjordkvintetten.

Og så var Hjørundfjord kyrkje sitt barnekor der.  Dirigent er Maria Austrheim.  Ho kan  sine julesongar også på pianoet og spelte sjølvsagt under gangen rundt juletreet.  Sigve Aklestad meiner han ikkje er så moderne lenger, men i alle høve så lenge dei yngste kan hugse har han fått julesongane opp på veggen ved hjelp av gode, gammaldagse lysark.  Men kvifor endre på noko som fungerer så godt?  Julesongar på veggen gjer at alle som kan lese synge med på alle vers under gangen rundt juletreet.  Sigve passar også på at kvar enkelt ring går motsett veg av ringen innanfor - og at alle ringar snur etter kvar vers(strofe).

Denne gonge var det Reidun Vigestad Berge frå Ørsta som heldt andakta.  I gamle dagar var flanellograf populære saker, men Reidun er av det moderne slaget.  Ved hjelp av PC og kanon kom fine foto opp på veggen.  Og trur du ikkje  vi fekk sett at jula var Jesus i eit nòtaskal også?

Og så spelte Hjørundfjordkvintetten, men kven var den nye dama som spelte?  Under gangen rundt juletreet var det ikkje ein ring, ikkje to heller, men heile tre ringar.  Og kven dukka opp akkurat når dei minste tok til å verte slitne og På låven sitter Nissen.... skulle syngjast?  Jau, akkurat - Julenissen.  Og han var visst av ekte vare.  Og så hadde han med sjokolade.

 

Og det heile vart avslutta med god mat og drikke i bedehuskjellaren - som tradisjonen tilseier.  Ekstra kjekt er det nok for arrangørane å sjå at også fleire og fleire fedre tek seg bryderiet med å kome på festen.  Vel blåst.

1
Flotte jenter i barnekoret

5 7
Martine (t.v.) og Karoline var programleiarar.  Sigve fekk julesongane opp på veggen og Maria trakterte pianoet.

Julefest 2011 017 copy
Reidun Vigestad Berge, tidlegare prestefrue i Hjørundfjorden, heldt andakt.

Julefest 2011 023 copy
Hjørundfjordkvintetten

2Julefest 2011 038 copy
Det vart bukka også.

4 Julefest 2011 044 copy
Heldig er ho som har ei tvillingsyster

3
Og så dukka julenissen opp, akkurat i rett tid.  Og i år var han visst heilt ekte.

8
Og i bedehuskjellaren var det rikeleg mat til alle.

Takk for ein triveleg fest.