IMG_3385

Her er storvaldleiar Dagfinn Hoem med årets bukkefangst på Rise.

Som vanleg er det ujamt resultat mellom jaktfelta. Ein fellingsprosent på mellom 0 og 100. Det er som tidlegare år best resultat i midtre og nedre del av Bondalen, men også der er det vanskelegare å fylle kvotane enn før.

 

                          Fellingsresultatet er som fylgjer:

         Eldre hanndyr: 24           Eldre hodyr 29       =    53

             Spissbukkar: 7           Ungkoller   13       =    20

       Årskalvar, hann: 22            hokalvar   13       =    35

------------------------------------------------------------------------------

         Totalt,hanndyr 53           hodyr       55       =    108 felte dyr totalt.

Med over 260 dyr tildelt vert fellingsprosenten låg, ca. 40, men det er som venta.

Desemberjakta har vore betre i år enn i fjor. Det skuldast nok snømengda.

Sept. val 2011 032

Her frå leiren til jegerane på Rognestøylen. Kara som kan ordne seg. Stove med kjøkkenkrok, soverom, tilogmed bad! Her kan ein jægermann ha det godt.

Sept. val 2011 033

Her frå interiøret. Kjøkkenkroken. Skikkeleg tregolv over alt! Tida dei hadde til rådvelde var diverre altfor kort, og resultatet vart ikkje all verda, men dyr fekk dei.

 

Des. 2011 022

Her kjem Dagfinn med siste fangst for i år, ein kalv på berre 16 kg.

Dette er unntaket, for kalvestørrelsen har vore jamt bra i år.

Ein kalv stod att på Risekvota i år som i fjor. Likevel er det att bra med dyr i skogane på Rise. Men "timoteihjortane" har minka sterkt. Og det er vi som  dyrkar jorda glade for.

Det vert kalla inn til eit oppsummeringsmøte straks utpå nyåret. Dagen er  torsdag 5. januar kl 20 på grendahuset.

Des. 2011 001

Rise har fleire som jaktar. Her er Melis frå Simagarden. Ho jaktar alltid i raudt slips. Ho kan ligge lange periodar på fuglebrettet. Tolmodig ventar ho på småfuglane.

Vi har ikkje sett at ho har lukkast i fangsten, men ho melder heller aldri inn antal.

clost 001

No er jaktplassen stengd for denne sesongen.

 

God jul til alle som har gjort ein innsats årets jakt!