Vi starta opp med treningar etter haustferien, og p.g.a. bygging av ny gymsal har vi vore nøydde til å reise til Ørsta for å trene denne hausten. Det har vore 10-12 born med på treningane. Desse borna er 2. og 3. klassingar.

Det var ein spent gjeng som gjorde seg klar for sin første handballkamp på laurdag, og gleda var stor då dei slo til og vann kampen med mange mål. Også i dei to andre kampane vart det siger, og då var både spelarar, trenarar og heiagjengen kjempefornøgde. Trur at nesten alle spelarane greidde å lage mål også, og det synest vi er ekstra kjekt. Her kjem nokre bilete av dei flinke spelarane i aksjon.

 

Vegard, Marthe og Andrine i angrep.

 

030

 

039

 

043

 

058

 

063

Bak f.v. Joakim, Marthe, Andrine, Vegard, Ida Kristine, Andrea. Framme f.v. Gaute, Nikolai, Hallvard og Emil.

 

Blir nok fleire turneringar på denne gjengen seinare :)