Sida Toppturar i vinterfjell her på Hjørundfjordportalen har passert 38.000 (!) treff. Det er utruleg flott. Rett nok er der litt lite nytt akkurat no, men det kan vi alle rette på i tida framover. Det treng slett ikkje vere om turar berre frå Hjørundfjorden. Og alle er hjarteleg velkomne til å skrive - berre logg deg inn. Alt er gratis, men svært mange, også eldre pensjonistar som aldri går på skitur, set stor pris på å få lese om- og sjå foto frå turane.
Tirsdag 20. desember var Fred Ingar (Somby) og eg på Nordre Sætretind. Vi gjekk opp Fladalen - den enklaste ruta til topps. Denne gongen vart skina til Fred Ingar med heilt til topps. Under ligg ved nokre foto frå turen:
Eit God jul - foto av Skårasalen først.
Vegen opp i Fladalen har blitt ei rein glede - uproblematisk å gå både opp og renne ned no.
Frå toppen av Nordre Sætretind
Kommentarar