Frå Hjørundfjord                                      (slå opp innhaldsregisteret i bok 33)

er utgjeve av Hjørundfjord sogelag og er ei årbok som kjem ut i desember kvart år. Ei hovudmålsetjing for skriftstyret er å ta vare på minne frå folkelivet og såleis knyte band mellom folket før og no. Vi ønskjer å fortelje om korleis forfedrane våre i  ein barsk og lunefull natur med trottig strev har skapt eit levebrød for familien. Vi inviterer med årboka også utflytta hjørundfjordingar ein tur heim, slik at dei minnast oppveksten i den vakraste fjord. Stundom viser naturen seg frå den verste sida, og då vert ofte mennesket lite og menneskelivet skjørt. Då er det godt med eit fellesskap som stiller opp når ulukka er ute.

  Frå Hjørundfjord 2011 tek opp fleire tema, men hovudtema er den tragiske Molaupsulukka 24. november 1971. Det er i år 40 år sidan. Då var eit trongt gjøl ved Molaupen i Hjørundfjord i alle sine tankar. Der låg ni mann nedgravne i ein fonnbrede, og uvêr med rasfare gjorde det umogeleg for bergingsmannskapet å gå 

IMGP2174_1

Natta til 25.november vart den søvnlause natta for hjørundfjordingane.

inn i gjølet og grave dei fram. Natta til 25.november vart den søvnlause natta for hjørundfjordingane. 5 artiklar handlar om denne tragedia. Eli Anne Tvergrov har skrive ein detaljert og omfattande artikkel om hendingane ved Molaupen og har også kome inn på ting som skjedde i ettertid. Andreas Hustad skreiv i dagane like etter ulukka om det han opplevde som bergingsmann. Han var med i første gruppa som gjekk inn i gjølet om morgonen. 

  Svein Standal viser i sin artikkel at minna frå rasdøgnet enno er sterke. Kari Årsnes fortel om korleis ho har opplevd ulukka. Eldbjørg Tvergrov miste både far og bror i ei tid då kriseteam og sorgarbeid var ukjende omgrep. Det var sterke menn som var i kamp mot naturkreftene, men sanneleg måtte kvinnene løfte tunge bører i tida som kom. Etterkomarane vil spørje etter kva som hende i gjølet ved Molaupen, og Frå Hjørundfjord prøver her å gje nokre svar, og  mange nye tårer vert felte  - 40 år etter. Arnfinn Standal fortel om ei anna uvanleg trist førjulsulukke på Strendene. Vi må kjenne til vår felles historie med gode og vonde dagar.

IMGP2175_1

Molaupulukka var ei trist ulukke i Hjørundfjorden.

  Eit anna tema er utvandring. Skriftstyret har «lånt» tittelen til Ragnar Standal sitt storverk «Mot nye heimland» til ein presentasjon av ulike brev av sambygdingane våre som våga ferda over Atlanterhavet i trua på å få eit tryggare og betre liv for seg og sine. Vi får vere med på reisa over havet og inn i dei mektige kontinenta. Stadig tek etterkomarar kontakt heim til gamlelandet, og nye opplysningar om lagnaden til dei som reiste ut dukkar opp. Eit døme på det er minneskriftet «The way it was», der nye detaljar frå livet til Anne Sevrine Standal kjem fram. I perioden frå 1911 byrja utvandringa til Amerika å minke vesentleg, altså for 100 år sidan.

   For 400 år sidan, i 1611, starta Kalmarkrigen, og soldatar frå Hjørundfjord som den gongen inkluderte bruk frå Hundeidvik,  vart kalla inn. Kjell Inge Bjørke har skaffa fram fakta om Hjørundfjordsoldatane. Ivar S. Viddal (1894-1973) var levande interessert i lokalsoge, og hans artikkel frå gamle dagar er forvitneleg lesnad. Tradisjonen tru skriv bygdebokredaktøren, Gunnar Ellingsen, om Hjørundfjord for 100 år sidan. I tillegg har han teke for seg folketeljinga for Hjørundfjord for 1.desember 1910, som same dato 100 år etter vart presentert i Digitalarkivet på internett. Her oppdaga han mykje interessant, m.a. må ein del tidlegare aksepterte fakta endrast.

IMGP2176_1

«Mot nye heimland»

   Bellingen er velkjend som miljøfaktor på Sæbø. Denne gongen skal vi minnast gamle Bellingen i tida etter Store-Berta døydde i 1932, då ein ny familie tok over huset. Frå Hjørundfjord nr. 32 starta opp med ein biletekavalkade. Vi presenterer bilete som er om lag 50 år gamle. Vi startar med bilete frå Strendene og endar inne i Storfjorden.
Geitehald var før vanleg over heile Hjørundfjord. Jon Stennes og Lars Kristian Norang fortel mangt om denne næringa.

   Brattheim ligg ytst i fjorden og er ein av få gardar i Hjørundfjord der sola ikkje er borte om vinteren. Jarle Bratheim fortel om livet der, og om korleis utviklinga har gjort det meste lettare,

   Hans Berg var eldsjel for gjennomføringa av ein storstilt skogreisingplan på Søre Sunnmøre. Granskogen skulle bli ein framtidig næringsveg for Vestlandsbonden. Olav Klokk fortel om skogplantinga på Klokk – og stiller nokre spørsmål om kor lurt dette var. Randi Myrhol Vartdal fortel om ein koseleg skogplantardag for Stokke-elevane under krigen.

IMGP2177_1

Boka presenterer bilete som er om lag 50 år gamle. Det startar med bilete frå Strendene og endar inne i Storfjorden.

   Johan Tverberg har etterlate seg ei tekst «På morgontur i Bondalen». Han syklar frå Heimste-Holen til lærargjerning på Stokke skule. Han ser, undrar seg og reflekterer. Torbjørn Urke fortel om ein lærar som med nye tankar gjorde eit sterkt inntrykk på han sjølv og Urkebygda.«Olav Brudevoll – gymnasiasten som vart folkeopplysar i Hjørundfjord» er tittelen på denne artikkelen.

   Så kjem nokre småforteljingar som viser den humoristiske hjørundfjording; Sveinung Walseth, Leiv Øye Nordang og Bjarne Hustadnes er skribentar. Redaktøren for Møre-Nytt, Rune Sæbønes, avsluttar så med årsrevyen, der viktige og spesielle hendingar vert omtalte.

   Korrekturarbeidet er utført slik praksis har vore. Kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv. Dugnadsarbeidet med Frå Hjørundfjord nr. 33 er snart ved vegs ende, og konklusjonen er at dugnad kan hjørundfjordingane. Og det står att å takke alle desse som på ein eller annan måte bidreg til at Frå Hjørundfjord kan realiserast år etter år. Denne gongen går ei hjarteleg takk til Kari Hame som i over 20 år har lagt ned ein stor innsats i skriftstyret, men som no har takka av på grunn av flytting.

   Ei ekstra glede har vore alle kjøparane av årboka – dei inspirerer til ny innsats.

 

For skriftstyret
Jarle Walseth, redaktør

 

Redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, seier til hjorundfjord.no at han gjerne tek på seg oppgåva med å sende årsskriftet land og strand rundt.Ta kontakt og ting boka på e-post:  jarlewalseth@gmail.com  Eller telefon 70040131.

 

Prisen er Kr. 200,- og kr. 270,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.

(Ved å klikke på stikkordet nederst på sida kan du sjå alle bøkene som har omtale her på portalen) (Klikk også på bileta for stor størelse)