Førjulstemning på Hjørundfjordheimen.

Vil vil dele med lesarane av portalen litt av stort og smått som foregår på heimen no i desember.

 

Potetekakebaking.

Førjul 2011 001

Solveig sveiver kvenna,og denne kjella har baka potetekake før.

Førjul 2011 002

Anna må hjelpe til, det er hardt arbeid.

Førjul 2011 003

Litt makt må til, for å få potetene nedi kvenna.

Førjul 2011 005

Her hjelper alle til med å få kakene fine, runde og flate.

Førjul 2011 008

Reidun og Sylvi i godt lag.

Litt tid til ein god latter innimellom.

 

Julekaker.

Litt av dei "sju slaga"

Førjul 2011 048

Anna hakkar sjokolade til kakene,

mykje godt i kakene gjer dei ekstra gode..

Førjul 2011 049

Her er det sjakkruter som er under produksjon.

Førjul 2011 038

So er det laurdagskveld og fest, med stettglas og god stemning,

då vert alle i godt humør.

 

Lucia

Barnehagen kom på besøk 13 desember

Dette skaper stemning og gjev stor glede for alle bebuarane.

Førjul 2011 053

Lucitog i gangane i begge etasjane.

Førjul 2011 055

 

ADVENTFEST.

Røde kors pasientvennane, arrangerar adventfest for oss, med god mat,

og flott underhaldning.

Førjul 2011 016

Full sal og god stemning.

Førjul 2011 019

Familien Muren underheldt med flott musikk og song.

Førjul 2011 026

Ragna ordna blinkande briller til stor glede for både underhaldarane og ikkje minst til dei som såg på.

 

Julehandel.

Sjølvsagt må vi på julehandel,

 litt shopping,

og litt kafe besøk.

Førjul 2011 056

Det vart handla litt, men opplevinga er det beste.

Førjul 2011 061

Sylvi og Anna traff på ei nissekone som dei vart så glade i.

 

Åmås friskule på besøk.

Førjul 2011 088

Triveleg å få besøk av ein flink gjeng frå Åmås friskule, dei song mange songar.

Etterpå gav dei seg tid til å helse god jul til kvar og ein og tok dei i handa,

 dette sette vi stooor pris på.

 

Førjul 2011

Ragnar standal imponerte dei med ein gammal stubbe-

"kjerringa ho var ballefeittlaus."

Dei var særs intresserte i slike stubbar og Ragnar kan utruleg mykje av slikt. 

 

                          Kjøkkenet er hjertet i heimen vår!

         No er det forbi, nedlegging er bestemt, trass kamp og tårer.

    Ja no får ein att kva ein har stemt på, og det er fire år til neste valg.

Våre representantar herifrå gjorde det dei kunne, Men fleirtalet tok avgjerda. 

november 2011 005

Kokken Irene, med nylaga søst av stor kvalitet.

november 2011 006

Rullepølse som smakar betre enn alt anna julepålegg.

november 2011 007

Dugnadsånda i Hjørundfjorden berga julelefsene i lag med kjøkkenpersonellet,

 sjå berre stabelen,

 vert det slik neste år mon tru?

Hjørunfjordheimen let seg ikkje plukke i småbitar av slike vedtak, vi skal kjempe til siste slutt.

Vi vil arbeide mot det mål, å vere den beste sjukeheimen i landet,

 med dugnadsånd og eit folke- og kulturliv som vi kan vere stolte av.

GOD JUL OG GODT NYTTÅR TIL ALLE.