Førjulstemning på Hjørundfjordheimen.
Vil vil dele med lesarane av portalen litt av stort og smått som foregår på heimen no i desember.
Potetekakebaking.
Solveig sveiver kvenna,og denne kjella har baka potetekake før.
Anna må hjelpe til, det er hardt arbeid.
Litt makt må til, for å få potetene nedi kvenna.
Her hjelper alle til med å få kakene fine, runde og flate.
Reidun og Sylvi i godt lag.
Litt tid til ein god latter innimellom.
Julekaker.
Litt av dei "sju slaga"
Anna hakkar sjokolade til kakene,
mykje godt i kakene gjer dei ekstra gode..
Her er det sjakkruter som er under produksjon.
So er det laurdagskveld og fest, med stettglas og god stemning,
då vert alle i godt humør.
Lucia
Barnehagen kom på besøk 13 desember
Dette skaper stemning og gjev stor glede for alle bebuarane.
Lucitog i gangane i begge etasjane.
ADVENTFEST.
Røde kors pasientvennane, arrangerar adventfest for oss, med god mat,
og flott underhaldning.
Full sal og god stemning.
Familien Muren underheldt med flott musikk og song.
Ragna ordna blinkande briller til stor glede for både underhaldarane og ikkje minst til dei som såg på.
Julehandel.
Sjølvsagt må vi på julehandel,
litt shopping,
og litt kafe besøk.
Det vart handla litt, men opplevinga er det beste.
Sylvi og Anna traff på ei nissekone som dei vart så glade i.
Åmås friskule på besøk.
Triveleg å få besøk av ein flink gjeng frå Åmås friskule, dei song mange songar.
Etterpå gav dei seg tid til å helse god jul til kvar og ein og tok dei i handa,
dette sette vi stooor pris på.
Ragnar standal imponerte dei med ein gammal stubbe-
"kjerringa ho var ballefeittlaus."
Dei var særs intresserte i slike stubbar og Ragnar kan utruleg mykje av slikt.
Kjøkkenet er hjertet i heimen vår!
No er det forbi, nedlegging er bestemt, trass kamp og tårer.
Ja no får ein att kva ein har stemt på, og det er fire år til neste valg.
Våre representantar herifrå gjorde det dei kunne, Men fleirtalet tok avgjerda.
Kokken Irene, med nylaga søst av stor kvalitet.
Rullepølse som smakar betre enn alt anna julepålegg.
Dugnadsånda i Hjørundfjorden berga julelefsene i lag med kjøkkenpersonellet,
sjå berre stabelen,
vert det slik neste år mon tru?
Hjørunfjordheimen let seg ikkje plukke i småbitar av slike vedtak, vi skal kjempe til siste slutt.
Vi vil arbeide mot det mål, å vere den beste sjukeheimen i landet,
med dugnadsånd og eit folke- og kulturliv som vi kan vere stolte av.
GOD JUL OG GODT NYTTÅR TIL ALLE.
Kommentarar
Få M-N til å trykke heile artikkelen så folk får sjå kva dokke får til på Hjørundfjordheimen, dokke kan trygt vere stolte! :)
Stå på!