Oppdatert torsdag 28. desember:
Straumen kom tilbake til Ytre-Standal onsdag kveld. 

Torsdag 28. desember på ettermiddagen kom også nettsignala på plass att frå Nes (på Trandal). Då er alt slik det skal vere i denne vesle grenda - sjølv om det ligg tre enno på lavspentlina der..

På Årsnes kom også straumen på plass onsdag kveld.

Vidare ut Hjørundfjordstranda manglar straumen enno torsdag 28. desember.
Der røyner det no kraftig på tolmodet - og dette er ikkje folk som klagar til vanleg! 

Frustrerte på Stigane, Klubbenes, Saltre, Øyra, Skarbøen og Brattheim.

Illustrasjonsfoto på veg sørover inn mot Saltre. Den store grana i forkant er no historie. -EaTvergrovSveinung Saltre gardbrukar på Saltre fortel at at det ligg nede cirka 150 meter med høgspent i området lenger utover.
Dette gjeld spesielt oppom Øyra.
(Sjå også artikkel i Sunnmørsposten)

Tussa fekk melding om dei omfattande skadane alt morgonen 2. juledag, men ryddinga starta ifølge Sveinung fyrst i dag torsdag 29. desember klokka 12.

 Det er straum inn frå begge sidene. Det vil seie straum til etter Festøy i nord - og det er straum til og med garasjen på Stigane i sør. Så er det slutt frå bustadhusa på Stigane og ut til etter bustadhusa på Brattheim.

Illustrasjonsfoto av skogsområda rundt Øyra. Tussa vel å ikkje kutte lina - slik at dei små grendene i mellom får straum.

Sveinung fekk beskjed i dag tidleg om at det "det tek sånn tid å kappe og spleise linja".  Sveinung meiner dette handlar meir om eitt pengespørsmål enn tid. Det er rimelegare for Tussa å betale ut for dei abonnentane som er kopla på. Så Sveinung og dei andre her ute ventar. Av desse er det to småbarnsfamilier og sjølv har Sveinung mange geiter på båsen. Greitt nok at han har aggregat men no røyner det kraftig på! 

Det er kanskje håp i morgon fredag. Om ikkje må dei vente til over nyttårshelga. Sveinung er svært frustrert over situasjonen som har oppstått og utrykkjer dette på vegne av alle dette gjeld. Dei ser bokstaveleg talt mørkt på situasjonen.

Gamalt nytt frå onsdag 28. desember

Hjørundfjorden tirsdag 27 desember 2011Tirsdag 27. desember kom det sigande ut Hjørundfjorden tips frå indre og i dag meir utilgjengelege fjord- og dalstrøk at det er dårlege kår for både teletilgang, nett og mobildekning. Kven som hadde straum eller ikkje var også uklart.

Sidan det vart heilt stilt også frå slitarane her på portalen (det må no ha vore spennande tre som har ramla ned framover i Bondalen også), vart det konkludert med at  tilgang til nett stoppar "straumen" av nyhende.

Til andre er i gang igjen med nytt frå Bondalen, Bjørke, Norangsfjorden og Trandal - så legge vi frå ytre del av Hjørundfjorden ut nokre glimt frå det som skjer der.

Trandal

Dagmar skal ha teke noko av taket og ein halv endevegg på ei løe og det er muleg fleire løer (deriblant den mest kjende løa) som er skada. Ellers har det gått nokon lunde greit.
- Men det hjalp lite å ha lokalt kraftverk då det stod på som verst, seier ein av dei som høyrer til der. Dette kunne ikkje nyttast til lokal forsyning. Trandal var dermed også utan straum frå første juledag til og med i går tysdag 27. desember.

Mobilnettet kjem og går fortsatt onsdag 28. desember. Ustabilt - men ikkje gi deg om du vil ha kontakt med folk der.

Radioen med FM-samband var ute fyrste tida og all tilgang til nett.

Ferja vart også innstilt så dermed var Trandal heilt isolert i dei verste periodene av "Dagmar".

Store-Standal, Stavset og ytre del av Hjørundfjord

Store-Standal fekk att straumen tirsdag kveld 27. desember.

Frå Ytre-Standal til Festøy har vi  heldigvis hatt mobildekning gjennom heile Dagmars regjeringstid. Men det er særs betenkjeleg at me ikkje fekk inn noko som helst av nytte på radio då det var på det mest kritiske.
Å få nytt om straumsituasjonen på Hedmark gjer lite nytte når me vil ha  informasjon om telefoni og anna samband, ferjer, ferdsel og praktiske råd.

Stenging ved Stavset mot Store-Standal Det går no greit å køyre innover fjorden syd til og med Stavset. Men det ligg mykje skog her og der langs vegen.

Vegstenginga Vegvesenet har vist til er konkret mellom Stavset og Store-Standal (som det vanlegvis er). Men det heiter at "strekningen Festøy - Store-Standal er stengt".

Ta kontakt med lokalfolk - dei veit status om du må køyre her.

På Store-Standal og Stavset hadde dei ikkje mobil  - i allefall ikkje tirsdag ettermiddag. Men både vegvesen, "Tussa-bil", mjølkebil og bensintankbil var observert på veg innover -  i allefall så langt som til Stavset.

I Sunnmørsposten var det i papirutgåva tysdag reportasje som viste skadene på Store-Standal. Der verte det mykje å rydde både framme i grushola, ei løe som har reist og både ei campingvogn og båtar har sett betre tider. 

Opprydding Ytre-StandalLenger ute frå Stavset til Festøy er me mest plaga med knekte tre, rot og øydeleggingar i naust der vatnet nådde heilt opp.

Det kompliserer å vere straumlause i så mange døgn. Særleg for dei med småborn i hus.

Naboar har blant anna gått saman fyrste måla for handmelking av over 100 geiter. Stor honnør til desse som leitte opp kunnskap frå tidlegare barndomsår og stilte opp til aggregatet var klart. 

Heimevernet er venta å kome innover langs fjorden ut på dag onsdag 28. desember for å ta det som ligg over hovedlina. Dei var observerte på Festøya i går. Så gjenstår det å sjå kor lenge det går før ein får straum i eiga stove. Det ligg tre også på linene inn mot husa utover langs fjorden.

Interessant er det å observere at - som vi har sagt ut frå tidlegare erfaring  - høgspentlina 132 Kv på austsida kom igjen skadefri frå situasjonen. Det vart på vestsida det gjekk gale. Det er den fjordsida der fylkesmannen og NVE ville ha lina på grunn av "beredskapsmessige" omsyn. Vi veit dette ikkje er direkte samanliknbart med teknisk installasjon som var tenkt osv. men litt skadefryd i ei straumlaus grend må det vere lov å koste på seg å ha.

Lokalt sender me ekstra takk til blant anna Marine Harvest som har lånt vekk straum til ladding av mobilar og traktekaffi via sitt naudaggregat på Ytre-Standal. Dei hadde endåtil fått oppatt fjernsynssendingane 2. juldag.

Me helsar til dei som rydder linene og ber dei vere forsiktige. Liv og helse går fyrst - me kan vente endå litt til.

 

Travers (?) på snei innover i Kleiva på Ytre-Standal

Ferga i nattemørket 26. desember - berre den og lysa frå settefiskanlegget til Marine Harvest (naudaggregat) lyser opp i stormnatta.

Ytre-Standal mørklagd - men lys frå ein god nabo (Marine Harvest) med nødaggregat hjelper på.