Bilde frå utdelinga på Bondalen Grendahus 3.dags julefesten
(Klikk på alle bilda for stor størelse)

|
Juryleiar
Janne Kristin Aamaas Solhaug og Åse-Lill Leknes delte ut prisen frå
BFUL og las opp juryen sin begrunnelse for å gje dei to kandidatane
prisen.
Årets Bondaling!
I år er det to stykker som skal dele ein pris. Å det er dette nydelige veggbildet her, som er laga av Lillian Stavem.
Dei som skal dele prisen, har blitt valgt ut fordi dei har laga til en
koseleg møteplass, både for vi som bur her og for alle turistene som
besøker oss. Ein plass der ein kan kjøpe seg ferske bakervarer og sette
seg ned å ta seg ein kaffekopp. Dei står opp i griseotta for å gjere
klart, dette gjer dei, ikke fordi dei må, men fordi dei vil. Årets
Bondalingar 2011 er såklart Kanutte og Dagfinn Strand.
|
Gratulerer (01.01.2012 kl. 17:12)
Koseleg ! Fikk sjølv kjempegod kaffe og bakst mens eg venta på nokon seinast lisjejulekvelden. Hjørundfjordbrødet var mellom det som var viktig å berge, da frysekapasiteten vart redusert i romjula. Lukke til videre ! Lene B V
Lene Bisgaard Viddal
Gratulerer (30.12.2011 kl. 12:26)
Dette er så fortent, så fortent. Vesle julaftan såg eg at bakaren var litt sliten etter julesesongen, men av fotoa ser eg at han har kvikna raskt til igjen. Og no, etter at eit nytt spelarkjøp til Aafk nærast er i boks, har vi god tru på at Nutte og Daffa vil halde fram på bakeriet til dei rundar dei 80.
Knut Hustad
(29.12.2011 kl. 19:54)
Gratulerer så mykje :)
Gerd Sofie Langvatn
Gratulerer!! (29.12.2011 kl. 00:04)
Vil gratulere dokke begge to,ditta var kjekt,dokke fortjena det!!
Karin Flatnes