Årets julefest på Grendahuset i Bondalen har vorte ein fast tradisjon og ca 150 betalande hadde funne vegen til grendahuset, denne 3.dagen i jula 2011.
Festleiar var Einar Tvergrov.
![]() |
![]() |
Teatergruppa hadde eit innslag fyrst i programmet og etter det kom Maria Tvergrov Kalvatn og gitarist Mads Adrian Simonsen med tre flotte musikkinnslag. Maria fekk stor applaus for den vakre sogen.
![]() |
![]() |
Her hadde teatergruppa ei framsyning av ein ung problemkandidat som skulle køyre opp til førarkort i Nord-Norge, men det var so som so med formalitetane ved dei tvilsomme sakkyndige også. Dei som framførte rollespelet var Ingvil Aasen Flatnes, Lise Stokke, Emile Katrine Ville og Jorun Kvistad
![]() |
![]() |
Før den store avsløringa om kven som vart "Årets Bondaling" framførte programleiar Einar Tvergrov "O helga natt" med tonefølgje av Yngve Frøland på gitar. Etter kom BFUL sine to representantar på scena og avslørte kven prisvinnarane var. Her er Kanutte og Dagfinn Strand avbilda i det salen får nyheita.
![]() |
![]() |
"Årets Bondalingar" Kanutte og Dagfinn Strand fekk overrekt pris og diplom for sin innsats for bygda, av Åse-Lill Leknes og Janne Aamaas Solhaug
I begrunnelsen var det:
Dei som skal dele prisen, har blitt valgt ut fordi dei har laga til en koseleg møteplass, både for vi som bur her og for alle turistene som besøker oss. Ein plass der ein kan kjøpe seg ferske bakervarer og sette seg ned å ta seg ein kaffekopp. Dei står opp i griseotta for å gjere klart, dette gjer dei, ikke fordi dei må, men fordi dei vil. Årets Bondalingar 2011 er såklart Kanutte og Dagfinn Strand.
Dagfinn takke på vegne av han og kona og sette stor pris på dette. Dei var i grunnen tenkt å gje seg, sa han pga. helsa(sjå bilde t.h.), men etter ein slik klapp på skuldra frå bygdefolket ville han halde på nokre år til. Han la til at igrunnen var planen deira å ofre seg meir for eit eller anna fotballag i bya. :-)
Kanskje ved å halde fram med bakeriet i ei femårsperiode til, kan ny optimisme på Sæbø gjer slik at nokon av hans eigne kan overta bakeriet, og det ville være hans store ønske, -uttalte han til hjørundfjord .no.
Sjå eigen artikkel om Årets Bondaling 2011 ved å klikke her.
![]() |
![]() |
Yngve Frøland hadde fått det ærefulle oppdraget å lese "Lagsboka". Innhaldet er kun for dei frammøtte og vert ikkje vidare referert, men både framføring og innhald fekk salen til å storkose seg, og dei som ikkje hadde møtt opp denne kvelden, må nok berre finne seg i å ha forlist ei god underhaldning.
Då var programmmet over, og leiaren i årets programnemnd Anne-Mone Strandmann, kom på scena og las opp den komande festnemnda for 2012:
Anne Kristin Aarskog, Audun Moe, Gry Nesset Walseth, Gudrun Kjøsnes, Irene Opsahl Ville, Jan Rune Ville ------ (Dette skulle være Frøland, en glipp i reinskrivinga og opplesinga.), Jorunn Kalvatn, Jostein Kvistad, Jørn Ville, Kenneth Myrhol, Kolbrun Gunnarsdottir, Lisbeth Aklestad, Marianne Nyland Holen, Matias Årskog, Sissel Rekkedal, Svein Ivar Holen og Øyvind Taklo
![]() |
Då var det matservering og høve til å kjøpe i baren. Ei fin og koseleg stemning.
![]() |
Folk nytta høve å snakke med tilreisande og folk dei ellers ikkje hadde kontakt med ellers i året..
![]() |
![]() |
![]() |
Og så var Guro Håviks band i gong med juledansen og festnemnda rydda og gjorde kvelden til ein triveleg festkveld.
![]() |
Årets festnemnd gjorde ein flott jobb med eit perfekt arrangement, i lag med gode hjelparar frå 10.klassa på Sæbø skule.
Frå v. bak:Tonje Rem, Lars Molvær, Yngve Frøland, Per-Ove Follestad, Gerd Sofie Langvatn, Wenche Strand og Vidar Stokke
Frå v. framme: Anne-Mone Strandmann, Anne Gulbrandsen, Monica Follestad og Einar Tvergrov
Kommentarar