BF-109

 

Program:

1: Biletkåseri av Arnold Hustad

2: Vi har nokre tankar om korleis vi kan benytte oss av dette, men kjekt om det skulle kome nokon nye tankar utanfrå.

3: Diskusjon.

 

 

Kindt-00003

Wolfgang Kindt på veg ut av flyet sitt etter eit tokt frå Sola i november 1943.

Litt om historia bak:

Luftkampen over Hjørundfjorden den 16 februar 1945 som er nær 67 år sidan, er ei historieom då storkrigen brått kom inn i eit lite bygdesamfunn.

Nokre av fylgjene vart at ein 29 år gammal austerrikar vert drepen og seinare gravlagd på kyrkjegarden på Sæbø.

I 48 år låg han gravlagd før det vart oppspora at han hadde familie i Wien.
-kontakt vart oppretta og i dag er det nære relasjonar til dottera hans Birgitte. Ho har vore på vitjing heile 5 gongar etter at ho fekk vite kvar det vart av faren hennar. I etterkant har det kome fram korleis den vesle familien i Wien hadde det under krigen og særskilt etter at ektemann og far ikkje kom heim frå krigen. Dei visste ikkje noko anna enn at han var sakna i sjøområdet ved Ålesund.

Historia som i etterkant har kome fram etter den nære kontakta med Birgitte, er både universiell og rørande. På ein måte er det eit innsyn i "fienden sin leir" på ein open, ærlig og fortrulig måte. I grunnen fortel historia om kva krig medfører, og korleis det råkar dei mest uskuldige av alle, barna.

Nokre i Bondalen vart også råka då dei miste far sin på ein eller annan krigsarena. Ei ung kvinne frå Bondalen stelte grava til fiendeflygaren sidan ho heller ikkje fekk far sin heimatt og såleis ikkje fekk stelle grava hans. Det er livslange og sterke band mellom desse to kvinnene i dag. Dei møttest sist i 2010.

Perspektiv og vidd.

Sjeldan har ei historie vore så veldokumentert som nettopp her. Mest av alt handlar historia om medmenneske, tilgjeving og forsoning. Det handlar om kor urettvist krig og tragedie råkar. Her råka det barn og ungdom- også mellom våre eigne.

Då nærmar det seg og vi håper at flest mogeleg møter opp.

 Bilder frå kvelden, beklager dårlig kvalitet på bilda då dei er tatt med mobil.

296483_2678273718688_1311617369_3207436_1455839871

 

312593_2678281958894_1311617369_3207445_171083387_

 

375150_2678277678787_1311617369_3207441_1683406793