Alle foto:  Fred Ingar Somby, Knut Hustad.  Klikk for stor versjon.

I 10-tida onsdag 9. november starta turen frå Melbøsetra i Erdalen framom Barstadvika.  Målet var i første omgang Molladalen, deretter Sofaruta og Mohns Topp.  For ukjende kan det opplysast at turen Melbøsetra - Molladalen kan samanliknast med ein liten Kvamsedalstur frå parkeringsplassen i Kvistaddalen.

Sofaruta 002 copy Sofaruta 010 copy
Foto til venstre: Molladalen sett frå nord.  Fred Ingar (Somby) peikar mot Mohns Topp og Sofaruta - ei rute på ca. 130 høgdemeter som vert klatra frå skaret.  Til høgre: Underteikna og Molladalen sett frå sør.

Det skulle vise seg å verte ein utruleg fin dag.  For oss vart klatreturen dei siste  ca. 130 høgdemeterane mot 1340 meter høge Mohns Topp ein ekstra spiss på turen. Denne klatreruta vert kalla Sofaruta - eit namn den har fått etter ei luftig dobbelthylle i fjellet. I boka Molladalen av Hagen/Standal hevdar forfattarane at denne ruta har Moladalens beste utsikt.  Diverre var det ein klatrar som omkom her sommaren 2010, men det var ikkje fordi det er vanskeleg å klatre her.

Det må leggast til at Mohns Topp også kan nåast frå andre stadar, stadar som ikkje krev klatring.  Ein tur opp  råsa i Mohnsrenna denne dagen og vidare til Mohns Topp hadde nesten gitt ei like fin utsikt denne dagen.

Sofaruta 027b Sofaruta 029b
Klargjering og mat.  På fotoet til høgre er det fjellet Holtanna vi ser til høgre.  Langt der bak ligg Kolåstinden.

GOPR0121b Sofaruta 035b
Molladalen er kjend for å ha fast og fint fjell å klatre i.

Som nemnt er Sofaruta ikkje så vanskeleg for klatrarane (4+), men spesielt på eitt punkt er ho svært så luftig.

Sofaruta 046 (2)
Her får i alle fall Fred Ingar god utsikt innover Hjørundfjorden

GOPR0301b
Ein skal vel ikkje stå i sofaen sjølv om den er stor?

For den som er spesielt interessert kan det nemnast at det vert klatra fire taulengder på Sofaruta - eit par av dei korte.  Den siste lengda mot toppen er ei rein sjarmøretappe.

GOPR0794b GOPR0879b
Så er toppen der.

Det gjeld sjølvsagt å halde konsentrasjonen oppe heile vegen oppover, men eit par gonger måtte vi berre stoppe for å nyte utsikta mot...

Sofaruta 057 copy
...Hjørundfjorden. Og t.d. mot...

Sofaruta 062 copy
... Molladalen og havet, eller meir presist; mot Molladalen og skodda over havet.

Minuset med å gå på fjellturar på denne tida av året er korte dagar.  Klokka 1535 gjekk vi frå toppen, men då vi var ved bilen vel klokka 17 var det nærast heilt mørkt.  Men den raude kveldssola måtte vi ha med oss.  Og Fred Ingar fekk no plassert ei boks - Nescaffiboks sjølvsagt - med ei lita bok på toppen.  Der er plass til mange namn.

GOPR0595b GOPR0886b

Sofaruta 072 copy
No er det namnebok på toppen av 1340 m høge Mohns Topp.

Så er det på tide å vende nasa i retning heimover.  Vi gjekk over nordegga og vidare ned Mohnsrenna til Molladalen.

Sofaruta 075 copy copy
Skodda har lagt seg, men ikkje her oppe.  Randers Topp nærast, bak til venstre ser vi Jønshornet/Ramoen.

Og snipp, snapp, snute så var eventyret ute...

Sofaruta 080 copy

Dagens quiz:  Kva heiter fjellet/fjellformasjon lengst bak til høgre?

Takk for turen.

P.s:  Litt rare fotovinklar og fotoutsjånad?  Det kjem av litt spesielt utstyr denne gongen - fiskeauge-objektivb og hjelmkamera.  Det gjer nok at fjella ser langt flatare ut enn dei verkeleg er.