Jula står for døra og fredag 2. desember klokka 1000 opnar Strands bakeri på Sæbø dørene for sesongen.  Opningstidene vert frå klokka 1000 - 1630 på kvardagar, laurdagane held Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) ope til klokka 1430.

004b
Brød av ulike slag, sirupssnippar og mange andre småkaker er berre ein del av det Daffa lagar i bakeriet.

Fleire sortar brød, m.a. det runde Hjørundfjordbrødet og Ørstabrødet, vert å få kjøpt i butikken.  I tillegg vert nærast alt det  du kan tenkje deg av andre av andre bakarvarer, til sals. Ja, det vert sjølvsagt laga julebrød - og kransekake.

Og bakeriet har eigen kafe.  Anten du ventar på ferja eller ikkje - ta deg ein tur innom og kjøp ein kopp kaffi med ferske godsaker til.  Alle er hjarteleg velkomne, seier butikk- og kafesjef Nutte og bakar Daffa.