Nyleg har vi lese i avisene at arbeidet med å få kunstgrasbane på Sæbø er godt i gang. Det rimelegaste alternativet er visstnok å legge kunstgras på grusbana - rundt 4 millionar kroner. Kostnaden med å gjere grasbana om til kunstgrasbane vil kanskje ligge på 6 - 7 millionar kroner. Kva meiner du?

Her ser vi dei to fotballbanene på Sæbø, grusbana og grasbana. Bør ei av desse banene bli kunstgrasbane? I så fall; kva for ei?
Ørsta har si kunstgrasbane, snart har Åmdalen si. Er ikkje det på tide at Sæbø IL også får si eiga kunstgrasbane?
Det vert altså arbeidd med å få til ei kunstgrasbane på Sæbø. Det mest realistiske alternativet skal vere å gjere grusbana om til ei slik bane. Men då ryk parkeringsplassane der. Vil det i så fall seie at det vert slutt på Hjørundfjorddagane, Sæbø IL si viktigaste inntektskjelde? Eller vil ei kunstgrasbane føre til auka trivsel og på sikt folketalsauke i Hjørundfjorden?
Men grasbana er dårleg. Vil ikkje det vere rett å gjere den om til kunstgrasbane? Nei, det vil verte for dyrt, seier nokre. Andre igjen vil ikkje ha kunstgrasbane i det heile. Kvar skal vi få pengane ifrå? Skal vi sløse vekk mange millionar på nokre få fotballspelarar?
Spørsmåla er mange. Kva seier du? Legg att di meining i kommentarfeltet under, eller kom med meininga di i meiningsmålingsfeltet nede til venstre på framsida.
Flytte grusbana.... (01.12.2011 kl. 02:24)
Syns det er ett veldig bra tiltak å få kunstgrasbane til Sæbø. Og å bruke grunnen der grusbana no ligg er vel det beste alternative. Spørsmålet er vel om en i det heile har behov for å ha grasbana med tanke på den kvaliteten de fleste kunstgrasbaner har i dag. Kanskje kan en berre ha grusbane der det i dag e grasbane? Med tanke på event. parkerings alternativ til Hjørundfjord dagane, men også med tanke på mindre vedlikehold osv.
Emil Riise
(29.11.2011 kl. 00:06)
Litt tiidleg å slå til første helga i juni ;)
Yngve Frøland
Ja, ja. Mykje å halde vedlike, men (28.11.2011 kl. 23:42)
Ei mark på 6 mål som kan slåast og pressast til Hjørundfjorddagane og parkerast på?
Knut Riise
6,8 millionar (28.11.2011 kl. 21:08)
Var prisberekningane på Hellesylt. Det er litt råflott det også.
Yngve Frøland
Litt råflott? (28.11.2011 kl. 20:32)
Kunstgras er framtida! Men å ha liggjande ei overflødig grasbane som ingen gidd å slå og halde vedlike, det har vel ikkje Sæbø bruk for.
Sunnylven flådde grasbana si, kanskje selde dei torva?
Det går an å finne ut kor mykje meir det kostar ved å kontakte dei. Grunnarbeidet på grasbana var så vidt eg hugsar teke alvorleg. Doseringa er vel også bra?
Men ein ting er eg enig i. Ein skal ikkje snakke om nokre få spelarar. Det handlar vel litt om identitet for ei bygd å ha eit fotballag.
He he. men om grasbana vert overflødig kan det verte mange rundballar der. Så alternativa er fleire.
Knut Riise
Ei kunstgrasbane hadde gjort seg! (28.11.2011 kl. 15:24)
Rune og Emile vil bygge kunstgrasbane, det vil eg og. Her er nokre meiningar om kvar og kvifor.
Ei kunstgrasbane på Sæbø vil nok ikkje i seg sjølv bidra til å auke folketalet, det må nok folka sjølve syte for. Eg trur heller ikkje det er slik at ei fotballbane vil okkupere så stort areal at det ikkje er mogleg å gjennomføre festdagar i Hjørundfjorden ei helg i året. Derimot trur eg ei slik bane, saman med Hjørundfjorddagane, vil vere to av mange faktorar som tilsaman auker trivselen i Hjørundfjord og gjer den til ein enda betre stad å bu.
Ei kunstgrasbane på Sæbø vil gje moglegheit for meir fysisk aktivitet for born, undom og vaksne. Slik forholda er no er det avgrensa kor mykje aktivitet anlegget på Sæbø toler. Sjølv om vi er ein liten klubb, har det vore vanskelig å arrangere treningar, kampar og miniturneringar utan at bana har vorte øydelagd. Det er spesielt vår og haust desse problema har vore størst og når nedbørsmengda har vore stor, slik den har ein tendens til å vere. Vi bør difor byggje ei kunstgrasbane på Sæbø.
Plasseringa av bana bør nok vere der grusbana er no. Her er det gjort omfattande rehabilitering tidleg på 1990-talet så utgiftene med grunnarbeid vert fleire millionar kroner mindre enn om vi bygg den der grasbana no er. I tillegg har grusbana eit godkjent lyssystem som kun treng ny armatur. Dette har ikkje grasbana, så det er ei utgift som kjem i tillegg. Å byggje på grasbana trur eg vert for dyrt. Kostnadsparing er difor mitt hovudargument for å plassere kunstgrasbana der grusbana er no.
Parkeringsplassar til Hjørundfjordagane vert nok ei større utfordring enn tidlegare. Men liks med Emile trur eg nok det er mogleg å finne ei løysing på det. Treningsfeltet har potensial til å verte parkeringsplass. I tillegg har vi området mellom treningsfeltet og gamlevegen, som etter det eg har forstått tilhøyrer idrettslaget. Handballbana, strandpromenada, område rundt småbåhavna er andre stadar der bilar kan stå. I tillegg er det vel ikkje umogleg å gjere endringar i gjennomføringa av Hjørundfjorddagane?
Så, kor mange millionar skal vi sløse vekk på nokre få fotballspelarar? Omlag 1,4 millionar må Sæbø IL skaffe sjølve for å byggje denne bana. Dette seier Bresco, firmaet som gav lågast prisoverslag til bygginga. Desse pengane kjem vel ikkje frå lommebøkene til dei som er imot bygginga, so eg trur ikkje dei treng uroe seg over den saka.
Yngve Frøland
no more Hjørundfjorddagar (27.11.2011 kl. 21:39)
who say's we dont have no more Hjørundfjorddagar if we get a kunstgrasbane,is this not a little bit dramatic!!! i am sure that we can find a solution for this problem. but ok, now we can not park our car next to the Entrance,but we have to walk max.200 mtr. hjørundfjorddagar is once a year and a kunstgrasbane is fun for the whole year!!! no big problems about who is cutting the grass, no more problem to put out the lines!!! i did this anough this year :-)now every time we play a match,the players think that someone have done it!!!but the people who are against it ,has probably never been early up, to make the field ready for to play on it.so yes i am for a kunstgrasbane!!!(if we have the money for it)
Emile van Embden
Kvifor Hjørundfjorddagar? (26.11.2011 kl. 01:07)
Hjørundfjorddagane er utruleg viktige i seg sjølv. Men viss vi gløymer kvifor vi arrangerer Hjørundfjorddagar, har vi tapt. Det er å gerenere inntekter til frivillig aktivitet. Vi skal vere trassige, vi skal vere bygda som har fotballag trass i at befolkningsgrunnlagaet seier noko anna. Eg vil sitere Per Rav Omdal, tidlegare president i fotballforbundet: "Ei bygd utan fotballag kan ikkje kalle seg bygd". Nokre få fotballspelarar er i denne samanhengen ungdommen vår. Dei er få. Viss signalet overfor dei er at vi gjev faen, kan vi likegodt leggje ned heile sjappa.
Rune Sæbønes