Petter Lyshol tek til orde for at stamvegen må framførast slik at det er den kortaste lina som vert valt. Dette skjer ved å bygge Storfjordbrua og føre vegen mest mulig i rett line sørover til Kalvatn.

PetterLyshol-1

Petter Lyshol er nyvalt ordførar i Sykkylven. Han tek til orde for alternative traséar for E-39.

Lyshol sitt prinsipale syn vert illustrert ved å legge fram kartet og veglina som for første gong vart vist her på Hjørundfjordportalen.

Kart veg Kalvatn-Digernes

Denne prinsippskissa har innteikna den kortaste vegen mellom Kalvatn og Digernesskifet. Det er ikkje ei detaljteikning, berre ei prinsippskisse.

Denne lina er langt kortare enn linealternativa Fe-fast og i verste fall om Hareidslandet. Veglobbyist Svein Sunde, Kvivsvegen, antydar eit kvarter kortare veg. Medan senioringeniør Kjell Kvåle brukar uttrykket "betydeleg kortare." Alle ser at dette er ei vesentleg innkorting av stamvegen.

Eg har vanskar med å forstå at ingeniør Kjell Kvåle ikkje ser fordelen ved at vegen går utanom "folketunge område som Ørsta/Volda, Ulsteinregionen og Ålesund". Kvåle ser det som ein ulempe at stamvegen går utanom folketunge område, Her representerer han dessverre eit ytterst forelda synspunkt.

Dersom vi ser korleis andre land plasserer sine stamvegar, er det eit hovudkrav at ein skal legge traséen i god avstand frå tettbygde område. Stamvegen må leggast i ein midtkorridor som vert mata frå begge sider. Eit godt døme på dette prinsippet finn ein i skissa for sørenden av E-39 mellom Hirtshals og Ålborg.

E-39 Ålborg-Hirtshals

Denne skissa ivaretek prinsippet om stamveg som følgjer ein midtkorridor. Kartet er påført avstandar til tettbygde område på begge sidene av stamvegen.

Som eit siste moment er det grunn til å merke seg at senioringeniør Kjell Kvåle får spørsmål frå Sunnmørsposten om det ikkje er for seint å kome med dette alternativet som Petter Lyshol gjer seg til talsmann for. Her er Kvåle krystallklar: "Nei".

Vi er kjent med at representantar frå Hjørundfjord har møtt tidlegare ordførar i Ørsta og fått beskjed om at det er for seint å lansere nye alternativ. Dette skal ha skjedd for omlag eitt år sidan.

Gudny Fagerhol

Skal tru om ordførar Gudny Fagerhol alt for tidleg har stoppa ein debatt om alternativ til Fe-fast?