Petter Lyshol tek til orde for at stamvegen må framførast slik at det er den kortaste lina som vert valt. Dette skjer ved å bygge Storfjordbrua og føre vegen mest mulig i rett line sørover til Kalvatn.
Petter Lyshol er nyvalt ordførar i Sykkylven. Han tek til orde for alternative traséar for E-39.
Lyshol sitt prinsipale syn vert illustrert ved å legge fram kartet og veglina som for første gong vart vist her på Hjørundfjordportalen.
Denne prinsippskissa har innteikna den kortaste vegen mellom Kalvatn og Digernesskifet. Det er ikkje ei detaljteikning, berre ei prinsippskisse.
Denne lina er langt kortare enn linealternativa Fe-fast og i verste fall om Hareidslandet. Veglobbyist Svein Sunde, Kvivsvegen, antydar eit kvarter kortare veg. Medan senioringeniør Kjell Kvåle brukar uttrykket "betydeleg kortare." Alle ser at dette er ei vesentleg innkorting av stamvegen.
Eg har vanskar med å forstå at ingeniør Kjell Kvåle ikkje ser fordelen ved at vegen går utanom "folketunge område som Ørsta/Volda, Ulsteinregionen og Ålesund". Kvåle ser det som ein ulempe at stamvegen går utanom folketunge område, Her representerer han dessverre eit ytterst forelda synspunkt.
Dersom vi ser korleis andre land plasserer sine stamvegar, er det eit hovudkrav at ein skal legge traséen i god avstand frå tettbygde område. Stamvegen må leggast i ein midtkorridor som vert mata frå begge sider. Eit godt døme på dette prinsippet finn ein i skissa for sørenden av E-39 mellom Hirtshals og Ålborg.
Denne skissa ivaretek prinsippet om stamveg som følgjer ein midtkorridor. Kartet er påført avstandar til tettbygde område på begge sidene av stamvegen.
Som eit siste moment er det grunn til å merke seg at senioringeniør Kjell Kvåle får spørsmål frå Sunnmørsposten om det ikkje er for seint å kome med dette alternativet som Petter Lyshol gjer seg til talsmann for. Her er Kvåle krystallklar: "Nei".
Vi er kjent med at representantar frå Hjørundfjord har møtt tidlegare ordførar i Ørsta og fått beskjed om at det er for seint å lansere nye alternativ. Dette skal ha skjedd for omlag eitt år sidan.
Skal tru om ordførar Gudny Fagerhol alt for tidleg har stoppa ein debatt om alternativ til Fe-fast?
Kommentarar
Dersom ein i tillegg skal sørover via Nordfjordeid vil ei vidareføring frå Kalvatn, gjennom Heggjadalen og bort til Tua på Stigedalsvegen gi ei endå større innkorting av køyrelengda. Frå Tua og ned til Hjelle er det ny fin veg.
Eg vonar at desse alternativa kan bli utgreidde i prosessen vidare.
Dette veialternativet har vært kjent lenge og debattert i andre kanaler.
Slik saken står nå er det snakk om å få gjennomført et Forprosjekt og finansieringen her er utfordringen. Forprosjektet vil så ut fra tekniske, økonomiske og miljømessige forhold anbefale gunstigste trase.
Skal prosjektet gjennomføres de neste 30 år er vel bompengefinansiering eneste løsningen.
At prosjektet er meget godt er det ingen tvil om: En bilist som kommer frem til Velledalen vil nok velge å kjøre mot Kvivsvegen å betale 50 kroner fremfor å kjøre Ljøbrekka og Hornindalen.
Det er flere eksempler der private har tatt initiativet til veiprosjekt og her kan nevnes: Tustentunnellen i Molde, Flatholmentunnelen og nå til sist Borgundfjordtunnellen som er under utredning.
Altså: Så snart finansieringen er på plass kan Forprosjektet starte.
1. Ordføraren i Sykkylven tek saka opp i media. Det er ei nyheit at eit politisk organ i Sykkylven vil ha med fleire alternativ i tilrådinga. At ei sak - som denne - er omtala i media og liknande kanalar, inneber ikkje at saka vert teken opp. Den er kjent, ja, men ikkje fremma. Det skjer først ved at t.d. eit kommunestyre gjer eit positivt vedtak og oversender saka som ein uttale.
2. Svaret frå senioringeniør Kjell Kvåle er ei anna nyheit der han uttalar at det ikkje er for seint å fremme fleire alternativ. Dette svaret kjem eitt år etter at eg har fått melding om at ordførar i Ørsta sa at det er for seint/uaktuelt å kome med nye alternativ då (for eitt år sidan).
Viktigaste grunn til at eg var tvil om det skulle presenterast som ei nyheit, var at underteikna tilkjennegir klare personlege meiningar om saka. Det er ikkje så vanleg i ei nyheits-sak.