Enno er ikkje dei formelle vedtaka gjorde, men i praksis kan no utbyggjarane av bankbygget, Samvirkebygget og Sagafjord Hotell, alle på Sæbø, ta i bruk bygningane på ein slik måte som dei ynskjer. Det er ordførar Rune Hovde som seier dette til hjorundfjord.no.
Byggjeforbodet på Sæbø i praksis oppheva.
Det var i går, rett før kommunestyremøtet, at plansjef Gunnar Wangen i Ørsta kommune, kunne orientere politikarane om dei gledlege utrekningane frå NVE. Meldinga vart motteken med applaus.
Ordførar Rune Hovde strekar likevel under at det enno ikkje er fritt fram for oppføring av nybygg på Sæbø, men eksisterande bygningar kan altså no takast i bruk slik som utbyggjarane ynskjer. Likevel kjenner Hovde seg trygg på at det no berre er eit tidsspørsmål før dei endelege opphevingsvedtaka vert gjorde - og då for heile Hjørundfjorden. Og då kan også i Hjørundfjordingane setje i gang med dei utbygningsprosjekta dei ynskjer - etter gjeldande kommunale lover og føresegner.
Kommentarar
Balkong-flagget vart sett ut!
Byggjeforbodet som vart oppheva på Sæbø, og vel i Hjørundfjorden, fortente til dei grade det!
No kan ei klam hand som har legje over utviklinga i bygda vår fjernast.
All ære til Marit og Oddvar som har kjempa for dette, og betydd mykje meir for det enn det politiske og administrative miljø i kommuna.
Mykje positivt i Hjørundfjorden er vi no vitne til.
Kvivsvegen vil gje dei indre områda eit løft. Union hotell på Øye byggast ut.
Sagafjord hotell står sannsynleg framfor invisteringar og utbygging.
Likeeins kan planer elles på Sæbø og elles i Hjørundfjorden realiserast utan tanke på ein flodbølgje- eventualitet.
Ny ferjekai på Sæbø med eit vakkert park- område kring seg.
Strand- lina frå hotellet til Sæbø sentrum ligg der urøyrd med store moglegheite.
I Sunnmørsposten siste dagane har Hjørundfjorden vorte fremma som alternativ til Geiranger når ein fjord skal vitjast.
Dette synast "gå heim" i leiinga hos hurtigruta.
Ei vitjing av hurtigruta.
Kanskje kan det no byggjast stein på stein slik at fleire og fleire får opp augo for den vakre Hjørundfjorden, og slik at busetnad vil ta seg opp i bygdene våre!
All grunn, synast eg, til å heise flagg i dag!
P.s. Tilfeldigvis gløymde eg å nemne at villaksen er i ferd med å kome attende til fjord og elvane våre......., som ein fortent apretif til ei vonleg positiv utvikling.
Det har gjennom siste åra undra meg at det er berre på på Sæbø og Stenes (utanom indre deler av Storfjorden)det skulle finnast problem dersom Åkerneset kom i STOR utgåve. Har det samanheng med at det berre er der det er byggemeldt saker som gir høve til å ta tak i problematikken? Men då skulle vel resten av Ørsta, som heller ikkje er med i det "gode" selskapet, gå fri.
Kvifor høyrer vi ikkje om byggeforbod på Aure i Sykkylven, Vegsundområdet, Solevågen, Slinningsodden!!, Ålesund sentrum, Hareid, Hjørungavåg, Ørsta sentrum ??? Dette er berre nokre eksempel der bølgjeproblematikken skulle vere like aktuell med minst same trussel som på Sæbø og Stenes. Eller kan det ha noko med at ein vel å bruke Åkernestrusselen der ein helst ser at det ikkje skal skje ei utvikling?
I etterkant av tvilsomt politisk håndtverk, kan mange spørsmål stilles.
I glede over en avgjørelse til de grade positv for Sæbø og Hjørundfjorden er nok vi som bor i berørte områder innstilt på å legge bak oss og se fremover
Så leser en i Mørenytt i dag, uttalt av den ekstreme sentrumspolitiker og varaordfører Hovden, forsiktig bifallt av Wangen.
" Var det unødvendig av Ørsta å teikne medlemskap i Åknes/ Tafjord Beredskap med den utvikling a saka no har fått......."
Følgt opp av Wangen som går endå lenger med spørsmål om det " er naudsynt for Ørsta å vere knytt til eit varslingsystem..."
Skjønner ikke de samme personene at 4-6 års stillstand på Sæbø/Hjørundfjorden henger sammen med det faktum at Ørsta kommune på den tid beredskapen i hele Storfjordsystemet ble etablert ikke fann det formålstjenlig å tegne medlemskap....?
i så fall slapp vi å bivåne " den utviklinga saka no har fått, Hovde
For ikke å "rette baker for smed," i dette tilfelle ordfører og varaordfører, skal siste setning lyde.
I så fall slapp vi å bivåne "den utviklinga saka no har fått," Hovden. For å sitere deg.