«Opplev Sunnmørsalpane – friluftsliv frå fjord til fjell»

- Ei bok for alle som er interessert i variert friluftsliv, både tilreisande og fastbuande.

- Det mest fasinerande med Sunnmøre er det store mangfaldet – breidda – spennvidda av ulike naturopplevingar ein kan få innanfor korte reiseavstandar. I denne boka viser vi fram det beste av det beste innanfor ei rekkje ulike friluftsaktivitetar: Kontrastane mellom surfing på Stad, padling ved Runde, fjellklatring i Molladalen, skikøyring på Slogen, sykling i Valldalen, longboarding i Geiranger, dykking i Lygnstøylsvatnet og paragliding over Sunnmørsalpane er enorme og herlege.

- Kvar aktivitet er presentert i eige kapittel med fem til femten turar per aktivitet, og vi har lagt vekt på å ha med heile spekteret av vanskegrader innanfor kvar aktivitet, frå det heilt enkle til det meir krevjande.

- Vi freistar også å kombinere det visuelle med høg informasjonverdi i kvar einskild presentasjon og satsar mykje på å ha høg kvalitet på bilete og illustrasjonar.

- Bak i boka har vi med eit eige kapittel om reising og overnatting på Sunnmøre. Her presenterer vi m.a. mange av dei flottaste overnattingsstadene i regionen, med alt frå fyret på Runde, Juvet landskapshotell og Hotell Union på Øye til Patchell-hytta og telting i Molladalen.

Forfattarane

 

Vedlagt følgjer nokre eksempel på bilete frå boka.

EIRIK%~1

Padling på sjeldan stille sjø i Hjørundfjorden. Foto: Eirik Vaage

Arnfinn 246 - Kopi

Motiv frå Romedalstinden. Foto: Arnfinn Tønnesen

Sunnmorsalpene_1_6[1]

 Setrevegsykling i Romedalen. Foto: Espen Faugstad

Arnfinn 277

Molladalen. Foto: Arnfinn Tønnesen