Villavegen fram til Valset,
via byggefeltet om Rekkedal tilbake.
Dei som våga og trasse styggevêret i dag var: Ann Helene ( bak kameraet på ingressbildet) Janneche, Bodil, Marit, Kari, Haldis og Nanuk.
Vi møttast på vilane og der fekk vi eit kosteleg syn.
Graset veks godt "alle stess"
Gamlevegen var etter forholda forbausande tørr og gå på, som de ser starta skyminga allereide kl 1500 i dag.
Kvitt i toppane, ja det "lukta" snøv no.
I fjor kom snøven omlag 10 dagar frå no og vart liggande.
Vi må diskutere litt også, her fortel Kari om kar gamleskulen låg på Rekkedal, og då fekk vi ideen å gå den vegen tilbake.
Mørke bilder med blits, litt prøving og feiling undervegs.
Her svinga vi nedover att, og tek turen om byggefeltet.
Mørkna fort gjorde det, og då vert det ikkje lett å ta bilde.
Her vart det eit forsøk på Fellesbilde, med lys bakgrunn gjekk det ikkje så verst, mykje ein kan bruke traktoregga til gitt.
Ja ja, takk for fyljet for denne gongen.
Vi skal ha avsluttning neste måndag på klubbhuset kl 1800, då vil vi gjerne at mange kjem, både dei som tidlegare har gått på måndagstur, aldri har gått på måndagstur og ellers dei som vil ha seg ei hyggjestund i lag med oss.
Vi har program å by på, og det vert trekt ut vinnarar av fjelltrimmen 2011.
Følg med på portalen, meir informasjon kjem snart.
TUSEN TAKK FOR DENNE GONGEN, TIL ALLE DELTAKARAR OG LESARAR!
Kommentarar
Tusen takk til dokke alle og til Bodil, som etter ein hard tur har sett seg ned og skreve på portalen.
Ps: Er det noko i rykte om at Nærfjernsynet frå Volda har vore på besøk i dag? ;)
Noko TV team har vi ikkje sett....