Norsk Folkehjelp har i mange år og mange land gjort eit svært viktig arbeid med å få rydda miner og klasebomber.  Dette arbeidet har gjort slik at større landområder kan brukast til å dyrke mat og ikkje minst hindra at fleire har fått sprengt vekk armar og bein.  No har Norsk Folkehjelp fått tildelt NRK sin tradisjonelle innsamlingsaksjon.  Datoen er søndag 23. oktober.

Bøssebærer_mor_datter_2
Kan du vere bøsseberar søndag den 23. oktober?  Begge foto frå www.blimed.no

Vi har enno ikkje fått lag/organisasjoner eller enkeltpersonar som kan ta seg av sjølve innsamlinga, dvs. bere bøsser, eller køyre bil.  Er det eit lag som kan tenkje seg å ta på seg hovudansvaret? 

Underskrivne har fått oppdraget av ordførar Gudny Fagerhol med å organisere dette arbeidet her i Bondalen.  Det vert lagt opp til 10 roder/bøsser.  Og kvar bøsseberar bør sjølvsagt ha ein sjåfør.  I praksis treng vi då 20 personar.  Kan t.d. Helselaget tenkje seg oppgåva?  Eller kanskje ein annan organisasjon?

Det skal ikkje ta så lang tid i all den dag vi deler Bondalen opp i desse 10 rodene.  Innsamlinga startar vi ein gong mellom klokka 13 og 15.  Det hastar med å få det viktige innsamlingsarbeidet på plass.  Kan du hjelpe til, ver snill å ta kontakt med meg på e-post - knut.hustad@tussa.com, eller på telefon(helst tekstmelding) på tlf. 920 39767