Måndag 17 oktober kl 1800.

Det vert ein kveld med underhaldning, mat, loddsalg, trekking av fjelltrimpostane sine vinnarar, og litt mimring av sesongens små og store hendingar.

Helsekoordinatoren Ingvild Endal vil kome og fortelje om sitt arbeid og planane framover.

Trude Flø vil gje oss tips om kvifor og korleis vi skal ta vare på helsa vår, og korleis få motivasjon til dette i ein travel kvardag.

Ta deg ein tur, kansje er DU  den av dei som er trekt ut som vinnarar i ei av bøkene våre, vi skal dele ut flotte premiar til dei heldige.

God og sunn mat, godt prat og litt loddsalg skal skape den rette "basarstemninga".

VEL MØTT!