Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei stor versjon.

Det er alltid leitt når sauer og lam ikkje kjem til rette etter sommarbeitesesongen.  Desse aktuelle dyra, to sauer og fire lam, slepte eigaren Odd Bjarne Bjørdal på sommarbeite i Lisje-Skåradalen i månadskiftet mai/juni.  Etter kvart gjekk dei opp i Trefot-Jo sitt rike i Saudedalen, dalen rett nord for Lisje-Skåradalen
Sauesanking Saudedalen 015 copy
I Trefot-Jo sitt rike i Saudedalen beita dei seks dyra mesteparten av sommaren.  Høgste toppen i bakgrunnen er Storhornet på 1359 m.  Fjellpartiet til venstre vert kalla Nakkane på Mo i Bondalen.  Her ein stad gjekk sauene til slutt over og hamna etter kvart nede i Moakollen, så nede i Moagjølet.

Søndag 18. september vart (nesten) siste rest av sauene til Odd Bjarne sanka ned frå Saudedalen og Lisje-Skåradalen, men nokre dyr mangla.  Kvar kunne dei halde til?  Sauebonde Odd Bjarne var fleire turar til området for å leite etter dyra.  I tillegg brukte også, Gullbjørg Birkeland og Asbjørn Skår på Skår, mykje tid til leiting - utan resultat.

Første helga i oktober fekk Odd Bjarne vite om at to sauer og fire lam var sett ein stad oppe i Moakollen.  Endeleg dukka dei opp, men for dyra var skikkeleg lokalisert snøa det langt ned i fjella.  Dei næraste dagane var det både nærast uråd og uforsvarleg for eventuelle sankarar å prøve å få dei ned til Mo(ane).  Kva no?

Odd Bjarne bestemte seg for å hyre inn eit helikopter frå Nord helikopter i Ålesund.  Fredag 14. oktober var helikopteret på plass med flygar Hans Marius Ringdal bak stikka.

Helikoptersanking 028b Helikoptersanking 032 copy
Til venstre ser vi Steinar Hjorthaug og saueigar Odd Bjarne Bjørdal(gul jakke) få innstruks av flygar Hans Marius Ringdal før helikopteret startar søket etter dei seks dyra.  På fotoet til høgre ser vi m.a. tunet til Rasmus Mo, han som seinare oppdaga sauene i Moagjølet.

Helikoptersanking 045 copy
Her, rett under helikopteret, vart sauene sett for siste gong før snøen kom skikkeleg.  Bondalen nede til venstre.

Helikoptersanking 038 copy Helikoptersanking 039 copy
Sikta er god, men diverre ingen sauer å sjå for flygar Ringdal og Steinar Hjorthaug.  Toppen i nedre biletkant på foto til høgre er Storhornet.  Dalen bak er Saudedalen, så Lisje-Skåradalen.

Frå helikopteret vart det søkt etter sauene over ca. 800 høgdemeter og spesielt inst inne/oppe i Moagjølet der det er uråd å sjå nedanfrå Bondalen.  P.g.a. sterke fallvindar kunne diverre ikkje helikopteret stige opp etter dette gjelet.

Helikoptersanking 051 copy
Her kjenner vi vel oss att?

Storhornet Helikoptersanking 065 copy
Eit par foto for skifolket - Skårasalen til venstre, Grøtdalstinden og Grøtdalstinden si austside til høgre.

Helikoptersanking 063 copy Helikoptersanking 042 copy
Til venstre:  Bondalen mot vest. Til høgre ser vi ned Moagjolet mot Bondalen.

Søket etter sauene og lamma vart diverre resultatlaust.  Ikkje såg vi spor etter dyr korkje i Saudedalen eller øvst i Lisje-Skåradalen.  Vi trudde nok at dyra hadde tapt for dei store snømengdene øvst/inst i Moagjølet.  To av dei ivrigaste leitarane, Odd Bjarne og Steinar,  hadde ærend på austsida av Langfjella, men eit par telefonar tydde på at dei ikkje hatt gitt opp håpet heilt...

Gitt opp håpet hadde i alle fall ikkje Rasmus Mo.  I løpet av natt til laurdag slo det om til mildvêr.  Rasmus, som kort og godt er lommekjend oppe i det til dels stygge Moagjølet, leitte på nytt fram kikerten etter laurdagsfrukosten.  Var det ikkje ein sau han såg der oppe...?  Steinar hadde tipsa han om ein slik svær kikkert på stativ som nokre leigejegerar hadde ståande.  Swarovskien, 20X60, vart henta fram.  Jau, der var dei - alle seks.

Rasmus Mo_1  Helikoptersanking 049 copy
Rasmus MoFoto:  Ivar Svein Mo.  Skifolk - sjå fotoet til høgre og den flotte skilåma i øvre del av Lisje-Skåradalen.

Sauer Moagjelet 003 copy
Klikk på fotoet så ser du "fjøsen" der sauene og lamma heldt til då det snøa mest - inneringa med raud strek.  Dette området er nærast uråd å sjå frå Bondalen, men då mildvêret kom og grasstrå dukka opp, kom også sauene litt fram.

Sauer Moagjelet 014b Sauer Moagjelet 018b
Til venstre er det nesten som sauene spør: - Hadde du ikkje tid til å hente oss før?  Til høgre ser vi hammaren/området der sauene heldt til då det snøa på det emste.

På så kort varsel ein laurdag ettermiddag var det vanskeleg å få fatt i folk.  Eg hadde difor ikkje særleg god tru då eg gjekk åleine oppover mot Moagjølet.  Men Rasmus var optimist.  Han hadde synt meg sauene i kikerten og sjølv fann han seg eit godt utkikspunkt.

Oppe i dette gjølet er det sleipt, vått, glatt og utriveleg i snøen/snøslapset, men Rasmus gav nærast melding på telefon kvar eg skulle gå steg for steg.  Først måtte vi gå noko oppover, opp att i snøen, så krysse ei litt stor elv, men sjølv om sauene var i etter måten god kondisjon, var dei heldigvis ikkje så interessert i motbakkeløp akkurat no.  Etter kvart kom vi oss nedover, nedover mot bar mark.  Då vart sauene meir interessert i å ete eller prøve å lure seg unna.  Takk for det.

Turen ned att gjekk svært så fint.  Det er utruleg kva ein kan få til med godt samarbeid og sjølv om eg var åleine kjendest det ikkje slik då eg hadde ein herre nede i lomma - i mobiltelefonen.

Sauer Moagjelet 017 copy Sauer Moagjelet 019 copy
På foto til venstre ser vi Martinusgarden på Moane oppe i høgre biletkant.  Her bur Rasmus og han har god sikt mot Moagjølet.  Heldigvis var sauene meir interessert i eting av ikkje alt for næringsrikt gras framfor å drive med motbakkeløp - foto til høgre.

Eg var litt spent på korleis det ville gå frå Grøthaugen og ned i beitet til Rasmus - vi hadde ikkje gått der før korkje sauene eller eg, men turen var stort sett problemfri sjølv om det tok til å mørkne.  Klokka 1830 kunne sauene få seg skikkeleg mat i kulturbeitet.

Sauene vel heime 009 copy
Når enden er god er alt godt.  Alle seks lamma og sauene er komne opp i tilhengaren til ein takksam saueeigar Odd Bjarne Bjørdal.  I tillegg ser vi gjetarhunden "Kompis" og assistent Are Bjørdal på to år.