Kva skjer?

Eg kjenner til at antan Sogelaget eller Kulturvernlaget har teke initiativ for å starte opp eit slikt arbeid. Det var nemnt innkjøp av skanneutstyr. Det kan vere greit å få ei oppfrisking av stoda - kanskje her på portalen?

Extrafortjeneste grindgutt

Dette kortet er kalla "Extraforteneste i Turisttiden." Motivet er frå Øye. Knudsen eller Lindal er fotograf.

Vi veit at ein trufast prospektkortsamlar (og fotosamlar) i Ørsta, Jostein O. Mo, sit på ei rik kjelde. Kanskje kunne det vere ein tanke å lytte til hans erfaringar og kva kjelde han rår over.

Kvar har det blitt av restlageret av prospekorta som t.d. Øye Landhandel selde?

Leknestunet 1880-åra

Leknestunet i 1880-åra. Foto K. Knudsen. Kjøpt på auksjon.

Albumar

Så langt har eg vist eit par prospektkort. Men kva med privte fotoalbum? Rundt om i heimane er der mange foto som har stor historisk interesse, Personane er ein del av historia, men så er det omgivnadene som og er viktig å få med.

Kåfse høyet

Døme på familiebilete der både personane, lokaliteten og arbeidssituasjonen har historisk interesse. Dette fotoet er frå Torstein K. Urke i  sin album. Torstein budde i Vegsund i Ålesund.

Vi må hugse at i ein album er det ofte notert både årstal og namn som hjelper til i registreringa. Sjå berre biletet ovanfor!

Utanombygds

finn vi og albumar som har stor interesse. Søner og døtre vandra ut og kom gjerne ein tur heim om somrane, både for å hjelpe til i slåtten og for å vise fram både born og ektefelle. Dei hadde gjerne skaffa seg fotoapparat og tok bilete for å friske opp minne i ettertid.  Det er ei utfordring å finne tak i albumar som utflytta bygdefolk (og deira etterkomarar) har liggande.

Her er eit typisk døme på eit slikt bilete:

Sivert i hagen2

Eg hadde ikkje sett bilete av oldefar min (utanom bryllaupsbiletet) før eg fekk titte i albumen etter tante Anna på Skodje. Her ser vi gamle Sivert (1846-1937) i hagen bortanfor bustadhuset. Men i tillegg ser vi at gamleløda er riven og dei er i ferd med å starte graving av tomta til nyeløda. Vidare er berre eitt drivhus oppkome. Solhaug, bustaden til Hustadnesfamilien (ferdig haust 38) og butikken framme på Haugen er sjølvsagt ikkje komen.  Dermed er det nok opplysningar til å tidfeste biletet til 1933/34.

 

Men tilbake til utgangspunktet:

Kven kan orientere oss litt om stoda når det gjeld dette registreringsarbeidet?

Gjerne her på portalen!