Miner og klasebomber utgjer ein dagleg trussel og hindrar utvikling i meir enn 70 land.  Norsk Folkehjelp arbeider i 15 land med å få rydda unna desse svært så farlege eksplosiva.  Pengane frå den årlege innsamlingsaksjonen til NRK vil i år nettopp gå til Norsk Folkehjelp og deira arbeid med å få fjerna minene og bombene.

Mange stadar er det store problem med å få fatt i bøsseberarar, men ikkje i Bondalen.  Ein telefon til klassekontakt for 10. klassingane, Janne Myklebust, var nok til at det meste ordna seg.  10. klassingane ved Sæbø skule tok dugnadsjobben på strak arm, det same gjorde dei foreldra som kunne.

Innsamlingsaksjonen 004 copy
Søndag 23. oktober ein stad mellom klokka 13 og 15 vil truleg ein av desse flotte ungdommane kome på døra di med innsamlingsbøsse.  Ta vel imot dei.

Søndag vil flesteparten av 10. klassingane dukke opp på klubbhuset til Sæbø IL ca. klokka 13.  Dei vil då få utdelt kvar si bøsse, få klistra på ein lapp på jakka med namn og nummer på - nummeret er det same som står på bøssa. Deretter vil dei få tildelt ei rode og så køyrt rundt i Bondalen av ein vaksen.

Når arbeidet er gjort, vil underteikna ta imot bøssene på klubbhuset og så køyre dei til den felles innsamlingssentralen i Ørsta.

Det seier seg sjølv at dette er eit svært viktig arbeid, ver difor raus med pengane som du legg i bøssa.  Er du ikkje heime på søndag?  I så fall vil bøsseberarane klistre ein liten lapp på inngangsdøra med eit telefonnummer på - 820 44 110.  Kvar gong du ringjer dette nummeret vil du gje kroner 200,- til aksjonen.

P.S.:  Det kan hende vi vil mangle nokre få bøsseberarar/sjåførar.  Kan du i så fall hjelpe til?  Ta kontakt med underteikna, gjerne på SMS.  Tlf. 920 39767.  Kari Riise har allereie meldt seg. :).

Vil du vite meir?  Klikk her: blimed.no