Turmarsj på Elverampa med sosial ykt ved klubbhuset.

Knapt nitti deltakarar melde seg på og gjekk tur på Elverampa, medan sola skein og vi frå Trimgruppa og Helselaget kokte kaffi, steikte sveler til folket kom attende til klubbhuset etter trimturen.

Ingressbildet viser Marit, Bente og Irene og andre som var med og gjorde dette til ei triveleg stund i solveggen. 

 

Elverampa 326

Irene og Haldis passar loddbok og alle dei flotte gevinstane vi hadde fått frå fjern og nær.

Elverampa 324

Hilde hadde kontroll på kiosken og ordna maten, svelene gjekk unna sjølv om vi hadde steikt rikeleg.

Elverampa 319

Mange kjøpte lodd og kosa seg i det fine vêret.

Kristin og Madelene handlar med Haldis.

Elverampa 320

Elisabeth og Monika to spreke tauser i farta.

Elverampa 321

Vår eiga vakre rose, Hanne var der og delte ut roser og ballongar  til stor glede for dei som var til stades.

Me ynskjer deg lukke til på mandag, og godt val til alle andre også forresten.

Elverampa 323 

Astrid, Judith, Elfrid, og Åshild i godt lag, spreke damer med godt humør.

Elverampa 327

Elisabeth, Norunn og Marita, eit knippe Aklestad med ein flokk born av familien.

Elverampa 328

Ingen sure miner sjølv om det kunne verte litt kø framfør luka, det gjekk kjapt , og alle fekk seg noko godt å bite i.

Elverampa 331

Marta og Tina fekk endeleg bruk for solbrillene sine.

Elverampa 330

Irene med to heldiggrisa som fekk kjøyre Elverampa i vogn.

Me frå Bondalen helselag og Trimgruppa vil takke alle som var med å gjorde dette til ein svært vellukka ettermiddag.