Hjørundfjord bondelag søkte nyleg landbrukskontoret i Ørsta kommune om å få utsett den generelle fristen for gjødsel-/silovæskespreing til 15. oktober, men vi fekk avslag.

Gjødsling 03.10.2009_1
Mange har søkt om- og fått utsett fristen for gjødselspreing til 1. oktober.  No er denne fristen straks ute, men enno er det håp.  Foto:  Ivar Svein Mo.

Attlegene er enno svært våte og blaute. Dette gjer at det for mange kort og godt ikkje er tilrådeleg å køyre ut den siste naturgjødselen for året 2011.  Mange søkte difor om dispansasjon på den generelle fristen i Ørsta kommune, som er den 15. september.  Dei felste søkjarane fekk ny frist - den 1. oktober.

No er snart også denne fristen ute.  Det er enno mykje regn og svært blautt.  Hjørundfjord bondelag søkte difor om ein ny, generell  frist for gjødselspreiing - den 15. oktober, evt. 1. november.  No har landbrukskontoret gjeve oss svar, og svaret er nei.  Det vert sagt at landbrukskontoret kort og godt ikkje har heimel til å gje ei ny, generell utsetjing av fristen.  Men alt håp er likevel ikkje ute.

Landbrukssjef Liv Bente Viddal og Børild Skåra oppmodar om at dei av oss som enno ikkje har fått køyrt ut gjødselen og som treng ny frist, tek kontakt med landbrukskontoret. Dei kan nemleg gjere enkeltvedtak, dvs. at den som søkjer om ny, utsett frist, kan få det.

Konklusjon:  Dei av oss som vil køyre ut gjødsel-/silovæske etter 1. oktober, må ta kontakt med landbrukskontoret i Ørsta.  (Dette gjeld sjølvagt ikkje dei få som allereie har fått frist til den 15. oktober.)