Mykje regn, store elvar som kasta seg utfor fjellsidene, problem med parkering p.g.a. gjørme og blaute markar,  likevel storkosa rundt 200 frammøtte seg i dei uortodokse utstillingsloka i  Bakketundet, middelaldertundet på Åkre ved Bjørke, sist søndag.  I utstillingslokala synte nemleg kunstmålar og innehavar av St. Olavsmedaljen, Sigmund Årseth fram ca. 25 nylaga måleri.  I tillegg synte kunstnaren Rolf Vatn fram keramikk.

Og dei frammøtte ville ikkje berre sjå, fleire kjøpte også måleri.  Eitt av måleria skulle m.a. ta turen over Atlanterhavet til Canada.  Men Sigmund Årseth var raus nok til ikkje å ta æra for utstillingssuksessen åleine.  Han kunne ikkje få fullrost kunstnaren og innehavaren av Galleri Bjørk, Marita Bett Jensen, nok for det gode restaureringarbeidet som er gjort og som ho har hatt ansvaret for i middelaldertundet og ikkje minst dei gode utstillingslokala ho har fått til i Galleri Bjørk.   T.d. nemnde Sigmund Årseth at fjøsen hadde vore i mørkaste laget for utstillinga hans, men Marita Bett heiv seg rundt og fekk instalert fin belysning berre eit par dagar for utstillinga opna.

Bakketunet Bjørke 003b
Ikkje båsar i fjøsen lenger, men no er veggane pryda av måleri.  Måleriet til høgre heiter "Samarbeid".

Bakketunet Bjørke 007b Bakketunet Bjørke 004
Regn og grått ute, men fargane til kunstnaren varma.  Fleire ville kjøpe måleriet til høgre, men berre ein vart "vinnaren".

Bakketunet Bjørke 001b
Heile Bakketunet vart nytta som utstillingslokale.

Bakketunet Bjørke 010b Bakketunet Bjørke 009b

T.v.:  Som dei fleste av oss no veit:  Sigmund kan  måle så mykje anna enn hjørundfjordfjell.  På foto til høgre er Ole (Jørn-Ole) Viddal i samtale med Sigmund og Ingebjørg Årseth.

Som sagt var det mange frammøtte i Bakketundet sist søndag.  Fleire av oss ville sjølvsagt smake på dei gode kakene med ein varm kopp kaffi til.  Det gjorde at det til tider vart litt trangt inne i gamlestova fordi det var våtsamt å sitje ute. Men du verden - utstillinga er open også førstkomande helg så ta turen.  Kombinasjonen av kaker og kunst må prøvast - og til helga vert visst vêret godt også slik at det vert kjekt å sitje ute.

Bakketunet Bjørke 016b
Her ser vi frå venstre:  Ingebjørg Årseth, Jane Hustad, gallerieigar og kunstnar Marita Bett Jensen og Anna Moan.

Bakketunet Bjørke 023b
Og så vart det tid til rjomegraut og ein god prat i lysthuset ved Bakketunet for kunstnaren også.