Høgeskjerva (30.09.2011 kl. 13:49)
Veg 28 sluttar ved Høgeskjerva (der Jostein Koppen bur). Namnet tyder truleg "naken berggrunn"- og det stemmer iallfall godt i dette høvet. Dette gamle stadnamnet høver godt som gatenamn.
Jarle Walseth
Gamlevegen (25.09.2011 kl. 21:21)
Vegen til kyrkja/bedehuset er heimste enden av den gamle Bondalsvegen, til og frå sjøen (Sæbø). Han ligg der enno, fram til Dyebakken på Aklestad, med eit avbrot på Rise.Forslag: Gamlevegen
Kjell Arne Årseth
Kjell Arne Årseth
Hald på namna. (25.09.2011 kl. 13:32)
Nå ein ser på regulerings-kartet frå 1943, innheld det etter som eg kan sjå namn på dei fleste vegar i sentrum. Desse må ivaretakast!
Frå vegen forbi den gamle aldersheimen som vert kalla Kvievegen. Går vi vidare i retning sentrum og vidare sørover kjem namna Høgevegen, Kvennavegen, Sandvikvegen, Ferjevegen, Kyrkjevegen, Elvavegen, Furevegen, Prestevegen, Øyragata, Strandgata. Hustadvegen. Er det nokon grunn til å endre desse? Likeeins Sæbønes og Hustadnes-vegen.
Ifølgje mitt ringe skjøn er det difor i hovudsak gata nr.22 som er ei forlenging av Øyragata til Kapteinskvia som må få nytt namn? Her held eg på Sentrumsgata/vegen.
Likeeins må det gjevast namn til byggefelta nummerert 27 og 28.
På folkemunne Nesjane. (Nesjane 1 og Nesjane 2.)
Slik ser eg det.
Helge Strand
Det fyrste reguleringskartet... (25.09.2011 kl. 12:41)
Det var skreve ein artikkel om det fyrste reguleringskartet den 05.04.2008 som fortsatt er aktiv på portalen. Kartet kan ein finne som pdf. fil, ved å klikke på lenka inni artikkelen.
Har også samla ein del om reguleringsplanar for Sæbø under stikkord, slik det er enkelt å lese dei gamle artiklane.
La også ut lenka til det fyrste reguleringskartet i denne artikkelen.
Hjørundfjordportalen Administrator
Delvis einig,Rune. (25.09.2011 kl. 12:41)
Veg 26 må heite Sæbønesvegen. Veg 27 heiter og må heite Nesjane. I grunn høyrer vel og veg 28 til Nesjane, men avdi vegane skiljast må eit nytt namn gjevast. Kanskje har bebuarane der eit forslag.Sjølv bur eg i Fjordtun i Sentrumsvegen(?) Skulle gjerne oppretthalde Øyragata, men no skal Veg 22 gå heilt til Kapteinskvia, så då må vel gate -namnet ta høgde for det. Vonar fleire etterkvart vil ta del i debatten og kome med forslag!
Helge Strand
Forslag (24.09.2011 kl. 21:13)
Veg 26: Sæbønesvegen
Veg 27: Nesjane
Veg 28: Lisjanauen eller Skjerva
Rune Sæbønes
Kvennavegen (24.09.2011 kl. 20:20)
Vegen fordbi barnehagen heiter vel Kvennavegen i kartet ditt Bjarne? Eg fekk ein gong vite at namnet knyttast til kvennene som i gamle dager stod attmed Sandvikselva. Godt namn tenkjer eg.
Hilde Muren
Til Bjarne. (24.09.2011 kl. 17:43)
Såg nett på kartet du hadde sett ut. Dette må du legge ut på portalen. Framifrå namn! Kvifor gå over bekken etter vatn!
Helge Strand
Fyrst ute. (24.09.2011 kl. 16:23)
Eg skal våge meg til å vere fyrst med forslag, om enn fantasilause.
Veg 21. "Hustadnes-vegen."
Veg 22. "Sentrums-vegen." (Event. "Øyragata" sjølv om ho vel ikkje rekk lenger enn til "Slettedals-hjørnet.)
Veg 23. "Bedehus-vegen." ("Kyrkjegata" er opptekje i Ørsta.)
Veg 24. "Prestegards-vegen."
Veg 25. "Øvre-vegen."
Veg 26. "Sæbønes-vegen."
Veg 27. "Flatnes-vegen."
Veg 28. "Side-vegen."
Namna frå kommuna gjekk meg først "hus forbi."
Kanskje skal vi gje delar av sentrum det gatenamnet....?
Vel bekome og velkomen etter.
Helge Strand
Litt utvikling... (24.09.2011 kl. 15:35)
Litt utvikling har det vel vore........Eg synast det er eit godt forslag med namn på "gatene" på Sæbø. Kartet ditt har eg ikkje sett på, Bjarne. Det skal eg imidlertid gjere. Døme på gate som vel er utan namn er: Vegen fram mot idrottslag-hytta. Eit lite, men nytt bygge-felt. Så har vi side-vegen fram mot camping-plass/klubbhus. Likeeins side-vegen forbi kyrkje/bedehus. Vegen kring staden der alders-heimen stod og forbi det bygge-feltet fortener vel eit namn. Kanskje skal vi og gje den nye gangvegen frå hotellet til sentrum eit namn? Kva heiter vegen til Sæbøneset? Har vegen til byggefeltet på SæbønesFlatnes namn.? Stikk -vegen dit Josten Koppen bur? Eg trur ikkje desse har namn på eit reguleringskart frå 1943. Bruk fantasien,folkens! Kom med forslag !
Helge Strand
Reguleringskartet . (24.09.2011 kl. 11:41)
Du Rune har nok rett i at det ikkje har vore så stor utvikling på Sæbø. Men gater og vegar er dei same som i l943.
Øyragata gjeng framleis til Hustadbrua, og Jostein Kvistad bur på hjørnet Prestevegen/Sandvikvegen.
Det er tydeleg at du ikkje har sett dette kartet, men no har eg hengt det opp på vindauge her.
(Kvifor eg har kartet har eg inga forklaring på,men eg trur der var fleire ting som ikkje vart med på flyttelasset til Ørsta)
Bjarne Hustadnes
1943 (23.09.2011 kl. 23:07)
Sjølv om Sæbø ikkje er blant dei stadene som har hatt mest utvikling, har det vel vore ei viss endring sidan 1943, Bjarne. Positivt at folk får vere med å påverke vegnamna. Øyragata er sjølvsagt, men kva med vegen til Hustadneset, kanskje Hustadnesvegen? Eller vegen forbi Jostein Kvistad: Bussjåførvegen?
Rune Sæbønes
(23.09.2011 kl. 17:05)
Gatenamn
For eit par veker sidan var eg på Rådhuset med Reguleringskartet for Sæbø frå l943. Dei tok kopi av kartet og skulle levere det til Jostein Mo.
Kartet viser at alle vegar og gater har namn.
Namna er kjende og brukte. Det er slett ikkje namn som går berre på folkemunne.
Har det for lite å gjere på Rådhuset ?
Bjarne Hustadnes