Tysdag skjer det. Då kjem Møre-Nytt med eiga nettutgåve. Det vert ei nettavis langt meir omfangsrik enn folk er vande med frå lokalaviser. Men så vert det også ei nettavis lesarane må betale for.

Møre-Nytt på nett (www.morenytt.no) vil som papirutgåva ha mykje stoff frå både Vartdal og Hjørundfjorden, i tillegg til Ørsta og Volda. Vi skal dekkje lokalsamfunnet etter gode journalistiske prinsipp.

Nettutgåva vil ha eit rikhaldig innhald med nyhende og artiklar. Men også videoar, bileteseriar, kulturkalender, historisk arkiv og nyhende ned på gate- og vegnivå.

Dei tre fyrste vekene er nettavisa gratis. Der etter må ein betale, med mindre ein er nøgde med å kunne lese fem artiklar i månaden. For abonnentar av papirutgåva vert det rimeleg å abonnere. Dei som ikkje er abonnentar må betale ein pris tett oppunder prisen på papirutgåva.

Vi håper lesarane tek like godt i mot nettutgåva som papirutgåva.

 

Rune Sæbønes

redaktør Møre-Nytt