Tysdag skjer det. Då kjem Møre-Nytt med eiga nettutgåve. Det vert ei nettavis langt meir omfangsrik enn folk er vande med frå lokalaviser. Men så vert det også ei nettavis lesarane må betale for.
Møre-Nytt på nett (www.morenytt.no) vil som papirutgåva ha mykje stoff frå både Vartdal og Hjørundfjorden, i tillegg til Ørsta og Volda. Vi skal dekkje lokalsamfunnet etter gode journalistiske prinsipp.
Nettutgåva vil ha eit rikhaldig innhald med nyhende og artiklar. Men også videoar, bileteseriar, kulturkalender, historisk arkiv og nyhende ned på gate- og vegnivå.
Dei tre fyrste vekene er nettavisa gratis. Der etter må ein betale, med mindre ein er nøgde med å kunne lese fem artiklar i månaden. For abonnentar av papirutgåva vert det rimeleg å abonnere. Dei som ikkje er abonnentar må betale ein pris tett oppunder prisen på papirutgåva.
Vi håper lesarane tek like godt i mot nettutgåva som papirutgåva.
Rune Sæbønes
redaktør Møre-Nytt
Kommentarar
I så måte må det redaksjonelt vere som andre lokalaviser ein leiartikkel. Spør du meg.
Informasjon om lokale hende tek "nabo-kjerringane" seg av.
Set søkeljoset på problemstillingar som opptek bygdene; Lat oss sleppe til dei grade å bli fortald om personar som bestig ein eller annen fjelltopp....
Samstundes vonar eg at papirutgåva vil fortsetje å vere den same, gode, gamle:)
Hald fram med å formidle lokale nyhende som før, og for all del; vi les meir enn gjerne om friskusar som kliv høge tindar og nutar! Tek dei flotte naturbilete i tillegg, er det ekstra stor stas å lese M-N:)
Ei avis skal ikkje berre vere informerande, men våge å vere provoserande. Sjølv om ein trakkar på ymse tær...Det er faktis ei fri presse si hovudoppgåve.
Her kjem som eg saknar ein redaksjonell-leiar inn.(Eit syn eg deler med svært mange..)
Møre-Nytt har tradisjon for "varsemd."Det treng ikkje henge ihop med å vere upolitisk.
Ein redaksjonell leiar vil kunne vere med og setje eit utgongspunkt og starte ein debatt om problem som opptek folk i bygdene våre.
Ei loakalavis skal ikkje berre vere informerande, men også engasjerande.
Difor må ei kvar avis ha vilje til nettopp å våge å vere kontraversiell.
Trur dei fleste er nøgde med Møre-Nytt slik som det er.
Parallelt med det freistar eg å halde meg lokalt orientert med abonnement på Møre-Nytt, Møre og Sunnmørsposten.
For å kunne finansiere desse abonnementa abonnerar eg og på Tips Exstra som gjev meg kunnskap slik at eg til deir grade kan finansiere så ymse....
Eg hadde elles vona at debatten skulle gå i retning av "ein leiar" i lokalavisa som så mange etterlyser seg i mellom.
Men der bomma eg tydeligvis...