DUGNAD

er eit velkjent begrep i bygdene. Det verkar samlande og har i høg grad eit sosialt tilsnitt. Her kan ein møtest og produsere noko som kjem bygda til gode.

dugnad på jobb

Slik kan ein ha det etter ei god dugnadsøkt!

Grendalagsleiar Eldrid Øye sende i desse dagar ut dette skrivet:

DUGNAD

DEN 15.OKTOBER STARTAR VI PÅ SISTE ETAPPE AV OPPUSSINGA PÅ URKE GRENDAHUS.

VI UTVIDAR KJØKKENET VED Å FJERNE VEGGEN MELLOM KJØKKENET OG LÆRARROMMET.

DELVIS NY INNREIING SKAL PÅ PLASS, LITT MÅLING , VASKING OG ANNA STÅR OG FØRE.

DET BLIR ARBEIDD NOKRE TIMAR FRÅ CA. KL 10.00 DEI FLESTE LAURDAGER FRAMOVER.

VI OPPFORDRAR ALLE TIL Å MELDE SEG TIL DUGNAD PÅ DAGAR SOM PASSAR DEN ENKELTE BEST.

DET ER ARBEID FOR ALLE.

TA KONTAKT MED NELLY ELLER ELDRID FOR Å AVTALE  TIDSPUNKT.

VI HÅPER ALLE VIL VERE MED Å YTE NO I INNSPURTEN SÅ VI NÅR MÅLET I FELLESSKAP.

Styret i Grendalaget

25.sept.2011

Moderne kjøkken

Det skal bli kjekt å sjå resultatet av ei ny kjøkeninnreiing. Kanskje det blir noko som minner om dette?

PLENTRAKTOR

Sverre H. Urke er trufast slåttemann for plenområda rundt Grerndahuset, på ferjekaia på Leknes og Bøvika.  Dette siste området vart siste sommar utvida med ballbane og solingsplenar som må slåast jamnt og trutt. 

Sverre H. Urke

Sverre har trufast sått plenar for Grendalaget i fleire år. No fortener han betre reidskap!, har styret vedteke.

Styret har sett fram til at det skulle bli råd å skaffe ein plentraktor som letta arbeidet for Sverre. Dei små plenklipparane vart for pjaskete då området vart større.

JonseredLT_2216_CM

Plentraktor med oppsamlar bak må til på ballbaner og solingsplenar!

Takka vere støtte frå Bjarne Klokks Legat slår Grendalaget til og kjøper ein heilt ny plentraktor frå Eiksenteret i Ørsta som lokka oss med haustpris. Dermed vart handel avtalt i går.

Vi takkar Legatet og gratulerer Sverre og Grendalaget med nyinvesteringa!