Høgenausa 2011

Vi var to som møtte på Aklestad kl 1745, vi var nok ein smule pesimistiske då det starta å regne kl 1730.

Plan -B var allereide lagt, dersom vi ikkje vart fleire so var det nok best å gå i Frølandsdalen i staden for å klivre opp i høgda i regn og skodde.

Då det spakna med regn, og det dukka opp to frå Ørsta som var svært nysjerrige på turmålet, ja so var det heilt opplagt at vi måtte prøve på Høgenausa likevel.

Høgenausa 2011 001

Her er ledet ved vårfjøsen, godt med gjørme etter dyretråkk i regnet passerte vi  før vi startar  å krysse beitet.

Kari, Ingebjørg og Ståle.

Høgenausa 2011 002

Vi hadde ikkje gått mange metrane før vi måtte kaste jakka, no lysna det opp for alvor.

Høgenausa 2011 004

Her bider vi litt ved "kvilesteinen na mor"

Vi fekk telefon om at Hilde var i hælane på oss so vi tok det med ro for ho når nok atti oss.

Høgenausa 2011 005

Då vi var komne til Storfonna stoppa vi litt og venta på Hilde, brått vart vi var ein blå prikk nedi fonneskogen, der var ho.

Høgenausa 2011 006

Vi venta gjerne medan vi naut den vakre utsikta, her mot Sæbø.

Høgenausa 2011 008

So bars det oppetter fonna, bratt og seigt, men lett å gå i god rås.

Høgenausa 2011 009

Skoddedottane fauk mellom fjella og dalane så der var tydeleg godt med vind opp i høgda, men vi hadde det varmt og flott.

No nerma vi oss målet, her tek vi av oppover mot hammaren til Høgenausa.

Høgenausa 2011 012

Hilde hadde fått seg eit stikk frå ei humle (mest sansynleg) i fingeren så ho måtte gå med handa over haudet stakkar, det gjekk heldigvis betre etterkvart men sveid godt heile vegen opp.

Høgenausa 2011 014

Då vi nådde toppen kom skodda i ei fart, vi trudde det var over med utsikta for denne gongen og tok fellesbildet.

Kari, Hilde, Ingebjørg, Ståle og Bodil.

Høgenausa 2011 007

Like fort som skodda kom for ho att, og då.....

Høgenausa 2011 015

Då vart det høgtid.

Høgenausa 2011 022

Då vi starta på hemvegen att, vart vi vare styggevêret som sto som ein vegg i retning Volda, ser du den blålilla himmelen i det fjerne?

Vi rakk akkurat heimatt, å dusje, so kom lyn, tore og spillevatten.

Vi hadde ein kjempetur, takk for fyljet.

Neste måndag er det Grøthaugen.

Vel møtt!