Lissehaugen og Tua på Hustadneset 2011

Marit, Kari, Haldis og Bodil var optimistiske nok til å trasse regnet og ta turen mot Hustadnestua.

Vi hadde kledd oss etter veret, men det vart ikkje noke regn så vi gjekk for det meste i opplett.

Hustadnestua 2011 010

Sjå her! Haldis leiter mellom lauvdungane og finn fram trinna som kyrne gjekk over hamrane etter. No er det godt attgrodd med gras og mose men fjellet ligg like under og trinna er godt synlege.

Hustadnestua 2011 012

Tre blide tauser som står på kvar sitt trinn.

Hustadnestua 2011 014

Allereide her er det god utsikt mot Sæbø.

Hustadnestua 2011 015

Her er vi komne på Lissehaugen, Marit, Kari og Haldis med ryggen mot Sæbøneset.

Hustadnestua 2011 022

Marit har havna i gapestokken, på skiltet til lissehaugen, Kari og Haldis som tilskodarar til "elende"

Hustadnestua 2011 019

Her er granene som vart planta for å hindre kyrne å dette utfør skredegarden.

Nyttårsorkanen i 92 tok nokre graner og laga eit hol i garden.

 

Hustadnestua 2011 016

Eit vakkert kunstverk-"in natura"

Hustadnestua 2011 018

Risekjellene med Norangsfjorden og Slogen i bakgrunnen.

Hustadnestua 2011 023

Her er vi ved enda eit utsiktspunkt, haustfargane er flotte. Det lisje som er att av lauv på trea er nok litt i brunaste laget.

Hustadnestua 2011 025

So er vi oppe ved mastene, då opnar det seg både utover fjorden.....Hustadnestua 2011 028

og innover mot Norangsfjorden.

Hustadnestua 2011 027

For en gjeng og ta bilde ta, dei ville helder plukke tyttebær,

og fann gjorde dei.

Hustadnestua 2011 032

Haldis er fotograf, ho lurer seg til å ta bilde når vi andre er oppteke med andre ting, fantetausa.

Vi valgde å snu her for vi ville ikkje mørke ute i skogen på veg nedatt, der er litt for sleipt og bratt til det.

Vi kom oss vel innatt før det mørkna, men til neste tur som er Valsetheida kan det vere lurt å ta med haudelykt, det er mørkt halv ni.

Vi tek då turen på Heida frå Tvergrova.

Då hadde vi tenkt oss nedatt Nakkeløypa, det er litt opnare lende så då går det nok bra om det er skymt.

VEL MØTT!