Grøthaugen i haustfargar 2011

Huldrene på Grøthaugen er Bodil, Unni, Kari, Ann Helene og Janneche.

Du ser Stokkehotnet og Blåtind/ Blåhornet med Frølandsdalen i bakgrunnen.

 

Grøthaugen 2011 011

Vi starta på Moane og gjekk over attelega til dette ledet som er ved den gamle kylna.

Damene ser litt betenkte ut, er det kyr eller oksa som er oppi beitet ska tru?

Grøthaugen 2011 012

Her står vi i beitet med ei kyr bak oss som kansje vil vere med oss.

Grøthaugen 2011 013

Her er vi alle vel over gjerdet, varmt og godt  haustvër.

Grøthaugen 2011 014

Det gjekk fort oppover, Ann Helene hadde sete i ro i hele dag og var nok litt "duracell".

Sånn er det å vere lenka til valglokalet, godt jobba.

Grøthaugen 2011 015

Mykje skog, det trengst vel kansje ei lita rydding her også for å halde råsa i orden, kansje neste år?

Grøthaugen 2011 017

Her er nokre tred som har fått juling i vinter, meinar at det var grøne blad på dei i vår, men no er det daudt.

Grøthaugen 2011 018

Endå fleire bjørkjer som ligg etter vinteren, flotte å klatre i.

Grøthaugen 2011 020

Ann helene har funne seg eit litt utradisjonellt juletre, med litt sølvglitter og kansje kunstsnøv så vert det nok trendy.

Grøthaugen 2011 021

Liggande gran med sving, grei som rekkverk eller ?

Grøthaugen 2011 022

 

No er vi vel halvvegs, du kan sjå at det er mykje visna skog, ikkje berre lauvfri, men rett og slett daud skog. Ska tru kvifor, det har i alle fall vore nok væte.

Grøthaugen 2011 025

Skogens gull i massevis.

Grøthaugen 2011 027

So var vi oppe og fellesbildet må takast.

Varden stend der traust med boksa festa på ,ikkje so monge som har vore der i år helder, litt fleire enn normalt.

Nokre som var på tur frå Storehornet og ned Moagjølet, det måtte vere sleipt vil eg tru, vil gjerne høyre.

Grøthaugen 2011 028

No måtte Ann Helene få opp farta og nedatt og telle stemme, medan vi andre kunne nyte utsikta litt til.

Grøthaugen 2011 032

Både mot Sæbø.

Grøthaugen 2011 033

Så framover dalen.

Vi gjekk raskt nedover att, for vi merkar det skymast fort no.

Vi rakk nesten heimatt før regnet kom, han greidde ikkje å halde seg, men vi skal ikkje klaga vi er vande til verre.

Flott tur.

Grøthaugen 2011 035

Så var det dagens utbytte, ein flott og massevis av fyrsteklasses kantarell.

Tusen takk for laget.

Neste måndag er det tua på Hustadneset, vel møtt.